Historisk arkiv

Diskuterte reiselivsutvikling på Voss

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg var i dag på Voss, der han blant anna møtte reiselivsnæringa og ekstremsportmiljøet.

Statsminister Jens Stoltenberg var i dag på Voss, der han blant anna møtte reiselivsnæringa og ekstremsportmiljøet.

Stoltenberg besøkte blant anna VossVind; Skandinavias første resirkulerande, vertikale vindtunnel. I vindtunnelen kan både turistar og fallskjermhopparar simulera fallskjermhopp. Statsministeren møtte samtidig representantar for reiselivsnæringa og ekstremsportmiljøet på Voss, for å diskutera korleis dei jobbar med å utvikla Voss som destinasjon. Blant anna vart regjeringa sin reiselivsstrategi diskutert. I strategien, som vart lagt fram i april,  vert det lagt til rette for ei meir produktiv reiselivsnæring, fleire heilårs arbeidsplassar og fleire unike reiselivsprodukt.

På Voss besøkte statsministeren også Vangstunnelen, der han fekk ei orientering om anleggsarbeidet. Tunnelen, som er ein del av Vossapakko, skal avlasta Vossevangen for gjennomgåande stamvegtrafikk. Tunnelen skal etter planen opnast i slutten av 2013. 

Møte med reiselivsnæringa og ekstremsportmiljøet på Voss
Møte med reiselivsnæringa og ekstremsportmiljøet på Voss. Foto: Statsministerens kontor