Frå statsministerens program veke 14
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 31.03.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 46-06
Dato: 31.03.06
Priv. til red.:
Frå statsministerens program veke 14
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 4. april:
Statsministeren leiar 5.-6. april det fyrste møtet i
FN-panelet som skal kome med framlegg til tiltak for å styrkje FN
sitt arbeid i dei fattigaste landa i verda. Møtet vert halde New
York. Deretter reiser statsministeren og nokre av paneldeltakarane
til Segovia i Spania, for å møte leiarar i fleire
FN-organisasjonar.
Pressekontakt er statssekretær
Torbjørn Giæver Eriksen,
telefon 99 54 19 11.
Statsministeren kjem til New York tidleg på ettermiddagen.
Onsdag 5. april:
Kl. 09.00: fyrste møtedag startar, på Millennium UN
Plaza Hotel i New York.
Torsdag 6. april:
Kl. 09.30: andre møtedag startar, på Millennium UN
Plaza Hotel i New York.
Statsministeren er tilgjengeleg for pressefolk i løpet av ettermiddagen.
Avreise frå New York til Segovia om kvelden.
Fredag 7. april:
Statsministeren kjem til Segovia.
Møte med leiarar i FN-organisasjonar.
Laurdag 8. april:
Møtet med leiarar i FN-organisasjonar held fram.
Retur til Oslo i løpet av helga.