Historisk arkiv

Stoltenberg og Thorning-Schmidt opnar ambassadekontor i Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Søndag 4. november opnar Noregs statsminister Jens Stoltenberg og Danmarks statsminister Helle Thorning-Schmidt det felles nordiske ambassadekontoret i Yangon i Myanmar.

Søndag 4. november opnar Noregs statsminister Jens Stoltenberg og Danmarks statsminister Helle Thorning-Schmidt det felles nordiske ambassadekontoret i Yangon i Myanmar.

Det siste halvanna året har landet, under leiing av president Thein Sein, tatt fatt på ein reformprosess som har opna landet for omverda. Noreg var tidleg ute med å anerkjenna reformane og det første vestlege landet som fjerna sanksjonane mot Myanmar. Både Noreg og Danmark etablerer no ambassadekontor i landet, for å styrkja det diplomatiske nærværet. 

Det norske ambassadekontoret vil arbeida spesielt med å følgja opp det bilaterale forholdet, inkludert norskstøtta bistandsprosjekt. Kontoret vil vera underlagt ambassaden i Bangkok.