Historisk arkiv

Video: Kraftigaste tiltak på over 30 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

– Arbeid for alle er jobb nummer éin. Difor legg regjeringa i dag fram tiltak for å tryggja eksisterande arbeidsplassar og skapa nye. Dette er dei kraftigaste tiltaka som er foreslått mot arbeidsløyse på over 30 år, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Dokument og pressemateriale om tiltakspakken finn du her.

                                                                                               Video: Regjeringa.no

– Det me gjer er å løyva meir pengar til kommunane, slik at dei kan pussa opp skular og byggja nye sjukeheimar. Då får me ein dobbel gevinst – me får både fleire menneske i arbeid og me får betre skular og sjukeheimar.

Statsministeren trekkjer dessutan fram tiltak for samferdselssektoren, energisparetiltak for bedre miljø og tiltak som er retta mot bedriftene. Betre permitteringsreglar og ei ny skatteordning vil vera ein fordel for dei bedriftene som slit mest. Det blir også meir pengar til innovasjon, forsking og nyetablering.

– Dei tiltaka me legg fram i dag er verken dei første eller dei siste. Regjeringa la fram betydelege tiltak før jul og me kjem til å leggja fram fleire tiltak framover – dei første nye tiltaka kjem allereie 9. februar, seier Stoltenberg.

Kristin Halvorsen, Jens Stoltenberg og Liv Signe Navarsete
Finansminister Kristin Halvorsen, statsminister Jens Stoltenberg og samferdselsminister Liv Signe Navarsete presenterte tiltakspakken måndag. Foto: Statsministerens kontor.