Historisk arkiv

Noreg fordømmer valden i Sri Lanka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Media rapporterer om fleire tap av menneskeliv som fylgje av eit mineåtak 11. april. Dette er det tredje slike åtaket i løpet av dei siste tre dagane som har teke liv eller skadd menneske. (12.04.06)

Pressemelding

Nr.: 45/06
Dato: 11.04.06

Noreg fordømmer valden i Sri Lanka

Noreg fordømmer i sterkaste mogleg ordelag dei siste tilfelle av vald i Sri Lanka.

Media rapporterer om fleire tap av menneskeliv som fylgje av eit mineåtak i dag. Dette er det tredje slike åtaket i løpet av dei siste tre dagane som har teke liv eller skadd menneske.

Ein må sjå desse åtaka i samanheng med andre alvorlege valdelege hendingar dei siste dagane. Drapet på ein framståande representant for det tamilske sivil samfunnet i Trincomalee, V. Vigneswaran, og andre hendingar bidreg til ein valdsirkelen som kan skape ein situasjon som er lik den vi såg i desember i fjor og januar i år.

Eg oppmodar partane sterkt om å møtast som planlagt i Genève 19.-21. april, seier utviklingsminister Erik Solheim. - Dette møtet gir partane eit høve til å finne måtar på å innfri våpenkvileavtalen og dei lovnadane dei gav kvarandre under det førre møtet i Genève.

Pressekontakt: Informasjonssjef Espen Gullikstad, mobil +47 91 70 81 22