Historisk arkiv

Utviklingsminister Erik Solheim reiser til Sri Lanka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Solheim vil mellom anna ha samtalar med president Mahinda Rajapakse. Dei vil drøfte gjennomføringa av garantiane styresmaktene i Sri Lanka og LTTE gav i felleserklæringa i Genève då dei møttes for å diskutere implementeringa av våpenkvileavtalen. (05.04.06)

Pressemelding

Nr.: 43/06
Dato: 05.04.06

Utviklingsminister Erik Solheim reiser til Sri Lanka

Utviklingsminister Erik Solheim reiser til Sri Lanka torsdag 6. april for samtalar med president Mahinda Rajapakse. Dei vil drøfte gjennomføringa av garantiane styresmaktene i Sri Lanka og LTTE gav i felleserklæringa i Genève (23.02.06) då dei møttes for å diskutere implementeringa av våpenkvileavtalen. Solheim og Rajapakse vil òg gjennomgå problemstillingar tilknytt neste runde av samtalane.

Utviklingsministeren møtte òg LTTE sin sjefsforhandlar, Anton Balasingham, i London 29. mars som ein del av førebuingane fram mot neste runde av dei direkte samtalane.

Solheim vil i møtet med Rajapakse også drøfte bilaterale saker som norsk bistand til Sri Lanka.

Spesialutsending Jon Hanssen-Bauer vil vere i Sri Lanka på si første gjesting då utviklingsministeren kjem. Hanssen-Bauer vil i perioden 3. – 6. april møte president Rajapakse og andre medlemmer av regjeringa, medlemmer av opposisjonen og andre relevante kontaktar. Endeleg vil han òg møte leiinga av LTTE.

Pressekontakt: underdirektør May Elin Stener, mobiltelefon 95 86 47 01