Historisk arkiv

Valden skapar vanskar for Sri Lanka-samtalane i Genève

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

- Berre partane i fredsprosessen på Sri Lanka, styresmaktene og LTTE, kan sjølve stabilisere tryggleikssituasjonen og sikre samtalane i Genève, seier utviklingsminister Erik Solheim. (15.04.06)

Pressemelding

Nr.: 47/06
Dato: 15.04.2006

Valden skapar vanskar for Sri Lanka-samtalane i Genève

Opptrappinga av vald dei siste dagane set samtalane i Genève i fare. Berre partane sjølve kan betre situasjonen.

Fredssamtalane i Genève er planlagt til 24. og 25. april. Dei tamilske tigrane (LTTE) har sett som vilkår for samtalane at deira sentrale leiarar må møtast på førehand. Eit forsøk på å organisere sikker transport for desse vart avbrote i dag. Dermed er fredssamtalene sett i fare.

- Berre partane i fredsprosessen på Sri Lanka, styresmaktene og LTTE, kan sjølve stabilisere tryggleikssituasjonen og sikre samtalane i Genève, seier utviklingsminister Erik Solheim.

- Noreg ventar på rapport frå den sivile observatørstyrken Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM) om dei siste dagars hendingar, og vil rådføre seg med representantar for det internasjonale samfunnet om vegen vidare, legg utviklingsminister Solheim til.

Pressekontakt: Informasjonssjef Espen Gullikstad, tlf 9170 8122.