Historisk arkiv

Solheim møter Koss om Burundi-initiativ

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Erik Solheim møter leiaren for organisasjonen Right to Play, Johann Olav Koss, fredag 5. januar, klokka 13.00. Dei to skal drøfta korleis Koss og organisasjon hans kan bidra til ei positiv utvikling i Burundi - og er tilgjengelege for media etter møtet, klokka 14.00 på Solheim sitt kontor. (04.01.07)

Priv. til red.

Nr.: Unr./07
Dato: 04.01.07

Solheim møter Koss om Burundi-initiativ

Utviklingsminister Erik Solheim møter fredag 5. januar, klokka 13.00, leiaren for organisasjonen Right to Play, Johann Olav Koss. Dei to skal drøfta korleis Koss og organisasjon hans kan bidra til ei positiv utvikling i Burundi.

Dei vil vere tilgjengelege for media etter møtet, klokka 14.00 på Solheim sitt kontor.

Bakgrunn

Erik Solheim vitja i desember det sentralafrikanske landet Burundi, der Noreg gjennom FN spelar ei viktig rolle for å legge til rette for fred og utvikling. Burundi har i fleire tiår vore plaga av borgarkrig og etniske konfliktar. Under reisa møtte Solheim Burundi sin idrettsinteresserte president, Pierre Nkurunziza. Presidenten, som seier han blei frelst av den norske predikanten Aril Edvardsen, har sitt eige fotballag, Halleluja United. Nkurunziza ba i møtet med Solheim om norsk hjelp til å utvikle idretten i landet, for at borna og dei unge igjen kan engasjere seg, leike og ha det gøy. Nkurunziza ser også at idretten er viktig for å byggje opp igjen nasjonalkjensla etter mange år med krig.

Difor har utviklingsministeren tatt kontakt med Johann Olav Koss for å høyre korleis Right to Play kan hjelpe til i dette arbeidet i Burundi.

Spørsmål kan rettast til informasjonssjef Roy Freddy Andersen, tel. 90 61 05 30.