Historisk arkiv

Noreg er uroa over tilhøva for menneskerettane i Bahrain

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Eg er svært uroa over den uheldige utviklinga og tilhøva for menneskerettane i Bahrain, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

- Eg er svært uroa over den uheldige utviklinga og tilhøva for menneskerettane i Bahrain, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.  

Utanriksministeren er særleg uroa over at fire demonstrantar vart dømde til døden for å skulle ha drepe to politimenn under demonstrasjonane i landet i mars. - Det er urovekkjande at rettssaka gjekk for ein lukka, militær domstol. Skuldingane mot dei fire demonstrantane er alvorlege. Difor er det viktig at rettssakene vert førte for sivile domstolar, i tråd med dei konvensjonane Bahrain sjølv har slutta seg til, seier Støre. 

- Noreg protesterer generelt på bruken av dødsstraff, og eg vil oppmode styresmaktene i Bahrain om å innføre eit moratorium mot dødsstraff, seier utanriksministeren. 

Utanriksminister Støre er også sterkt uroa over at så mange helsearbeidarar har blitt arresterte i Bahrain. Vidare finn han det uakseptabelt at styresmaktene i Bahrain dei siste vekene har truga med å forby opposisjonelle parti i landet. 

- Dialog er den einaste måten å løyse den politiske konflikten i Bahrain. Det er difor viktig at den nasjonale dialogen mellom kongehuset og demonstrantane om naudsynte reformer kjem i gang så snart som råd. Styresmaktene må respektere ytringsfridomen og skydde menneskerettsforkjemparar i Bahrain, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.