Historisk arkiv

H.K.H. Kronprinsen og Solheim feirar sjølvstendet for Sør-Sudan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

H.K.H. Kronprins Haakon er til stades når verdas nyaste land ser dagens lys i Sør-Sudans hovudstad Juba i dag. Han følgjast av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Sør-Sudan får sitt sjølvstende når fredsavtalen går ut i dag, den 9. juli. Det blir feira med ein stor seremoni i Juba.

– Noreg var ein av fødselshjelparane for fredsavtalen for seks år sidan. Vi er framleis ein viktig støttespelar til fredsprosessen, seier Solheim.

Borgarkrigen i Sudan raste i over 20 år, og var den lengste i Afrika nokon gong. Den tok livet av rundt to millionar menneske.

Sudan er eit av landa som mottek mest bistand frå Noreg. I 2010 brukte Noreg drøyt 700 millionar kroner på bistand til Sudan. Pengane går mellom anna gjennom FN og frivillige organisasjonar.
 
– Vi vil fortsetje vårt engasjement både for Sudan og Sør-Sudan, seier Solheim.

Noreg er spesielt opptatt av forvaltning av olja, byggje opp Sør-Sudan så dei kan styre sitt eige land, den humanitær innsatsen og stønaden til FNs mange oppgåver.

Saman med USA og Storbritannia har Noreg vore viktige for å sikre internasjonal oppfølging og stønad. Les meir om kvifor Noreg har eit breidt engasjement i Sudan her.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459 (med på reisa).