Historisk arkiv

Noreg fordømer sjølvmordsåtaka i Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg fordømer på det sterkaste dei to sjølvmordsåtaka som kravde minst 59 menneskeliv i Kabul og fire i Mazar-e-Sharif under den sjia-muslimske høgtida Asjura på tysdag.

Noreg fordømer på det sterkaste dei to sjølvmordsåtaka som kravde minst 59 menneskeliv i Kabul og fire i Mazar-e-Sharif under den sjia-muslimske høgtida Asjura på tysdag. 

- Vi kondolerer dei som har mista sine kjære i åtaka. Ikkje noko kan rettferdiggjera slike vilkårlege og meiningslause drap. Åtak på religiøse og andre minoritetar undergrev dei freistnadene det afghanske folket gjer for å byggja eit stabilt, demokratisk og fredeleg land, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Bonn-konferansen 5. desember viste at det internasjonale samfunnet står samla og solidarisk med folket i Afghanistan.

- Noreg ynskjer eit langsiktig samarbeid med styresmaktene i Afghanistan, for å skapa framgang og eit normalt fungerande samfunn. Saman må vi kjempa mot alle former for terrorisme og valdsbruk, religiøs og etnisk intoleranse, seier utanriksminister Støre.