Høringssvar fra Fylkesmannen i Vestland

Dato: 14.02.2019

Høyring – Endringar i verjemålslova mv. (personar utan samtykkekompetanse, særskilt forvaltning av midlar, klage- og søknadsrett i saker om verja mv.

Vi viser til høyringsnotat av 14.11.2018 om endringar i verjemålslova mv.

Under følgjer Fylkesmannen i Vestland sine kommentarar til forslaget, sortert under kvart punkt.

2 Samtykkekompetanse – verjemålslova §§ 20 og 33

Vi finn presiseringa om samtykkekompetanse jf. lovtolkinga frå Justis -og beredskapsdepartementet, klargjerande. Vi ser likevel at den nye lovforståinga kan føre til at mange personar ikkje vil få den bistanden dei treng, til dømes demente som gjerne har søkt om verjemål etter ein lengre prosess og i dialog med lege eller personell ved institusjon. Desse kan seinare, ved samtale med saksbehandlar hos Fylkesmannen, endre til at dei likevel ikkje ønskjer verjemål. Det kan då vere vanskeleg å fastslå personen si reelle vilje.

3 Heimel til særskilt forvaltning

Framlegget har mykje for seg når det gjeld vaksne personar som har fått verje. Det er etter vår meining heilt uproblematisk å imøtekomme deira ønskje om ei anna forvaltning, all den tid vi uansett kan kontrollere bruken gjennom verjerekneskapen. Når det gjeld forslaget til endring for mindreårige, har vi forståing for at foreldre har ønskje om å kunne spare i barna sitt namn, også etter at midlane vert tekne til forvaltning.

For dei mindreårige er vi ikkje samde i grunngjevinga om at givaren likevel ikkje vil stå fritt til å bestemme bruken av midlane. Vi meiner det i desse tilfella vil bli ei umogleg oppgåve for Fylkesmannen å kontrollere at midlane vert brukte i den mindreårige si interesse , all den tid Fylkesmannen ikkje har midlane til forvaltning. Ein lyt i så fall leggje inn ei føresegn om at verjene må levere rekneskap til Fylkesmannen over bruken av midlane.

Samstundes meiner vi at forslaget om ein tidsfrist på to år for når det kan takaast avgjerd om alternativ forvaltning, er for lang tid. Vi meiner at tidsfristen for melding om alternativ forvaltning av gåvebeløp bør vere eitt år frå det tidspunktet Fylkesmannen overtok midlane til forvaltning, grunna mogleg samanblanding av midlar frå fleire kjelder og tvilsspørsmål kring dette.

4 Klage- og søknadsrett i saker som gjeld verja

Vi sluttar oss til departementet sitt forslag om å ta inn ein uttrykkeleg rett for verjehavaren til å fremje krav om å ta frå verja verjemålet etter verjemålslova § 29.

Når det gjeld dei pårørande, så har Fylkesmannen tilsynsansvar med verjene. Dersom vi får ei bekymringsmelding frå pårørande, har Fylkesmannen i kraft av tilsynsansvaret plikt til å undersøke og heimel til å ta frå verja vervet, dersom vi finn at vedkomande ikkje er eigna for oppdraget. Vi er difor ikkje samde i at det er behov for at pårørande får utvida høve til å krevje fråtaking av oppdraget frå ei verje eller til å klage over vedtak etter § 29.

Dersom dei pårørande likevel får høve til å krevje byte av verje med tilhøyrande klagerett, er vi skeptiske til forslaget om å innføre eit todelt system, der pårørande skal ha rett til å søkje om å bytte verje dersom verjehavaren ikkje er samtykkekompetent. Vi meiner det vil by på utfordringar, ved at pårørande ikkje skal ha rett til å søkje om å bytte verje dersom verjehavaren er i stand til å søke om det sjølv. Samtykkekompetanse er relativt og kan også endre seg over tid. Det er også ein ulogisk samanheng mellom vektlegging av verjehavaren sin sjølvråderett ved oppretting av verjemål, og pårørande sin rett til å søkje om å bytte verje for ein person under verjemål. Dersom pårørande skal ha rett til å søkje om å bytte verje, bør dei difor ha denne retten uavhengig av verjehavaren sin samtykkekompetanse. Ein eventuell søknad vil uansett måtte bli behandla av Fylkesmannen, og dersom verjehavaren ønskjer å behalde verja eller motset seg oppnemning av den føreslåtte verja, vil konsekvensen av dette bli eit avslag. Vidare bør det kome ei presisering i verjemålslova §29 andre ledd, om at verja ikkje har klagerett dersom han eller ho vert fråteken oppdraget som verje. Verja bør framleis kunne klage på vegner av den verjetrengande, dersom denne ber om hjelp til det, men bør ikkje kunne klage på eigne vegner. Det bør etter vårt syn understrekast at det er verjehavaren sitt beste som er i fokus, og at verja sitt eventuelle behov for oppdraget, ikkje gjev klagerett. Ingen bør kunne kan ha rettskrav på å få vere verje.

5 Verjegodtgjering

Hovudregelen i dag er at verja har rett på godtgjering og utgiftsdekning etter faste satsar og at verjehavar sjølv skal dekke kravet til verja. Størsteparten av godtgjeringsklagene til Fylkesmannen i Vestland går på kven som skal dekke kravet, avkorting av eller avslag på timar og avslag på utvida utgiftsdekning.

Vi kan ikkje sjå at høyringsforslaget tek stilling til kven som skal dekke kravet eller utgiftsdekninga ved ei endra forståing av regelverket. Godtgjering er noko verja har rett på, og som verjehavar har ei plikt til å dekke. Det kjem heller ikkje fram av høyringsforslaget om verjehavar sjølv skal ha klagerett. Dersom noverande hovudregel skal leggjast til grunn, og verjehavar ikkje skal kunne klage på avgjerda, meiner vi at verjehavar sin rettstryggleik vert svekka.

Samstundes meiner vi at dette forslaget kan føre til at verja stadig vil reforhandle avtalar dersom verjeoppdraget vert meir omfattande enn venta, noko som igjen vil føre til at kostnadene til verjehavar vert høge, utan klagerett på auka godtgjering. Vi fryktar og at verjene vil avstå frå å ta oppdrag som kan bli omfattande, eller ikkje utføre oppgåver som hastar i frykt for at dei ikkje skal få betalt for arbeidet. Dette vil og svekke rettstryggleiken til verjehavar ved at hans/hennar interesser ikkje blir ivaretekne.

---------------------------------------------------------------------------------------------

Vi har ikkje erfart at retten oppnemner verje etter verjemålslova §25 første ledd andre punktum og ser inga grunn til at gjeldande føresegn vert vidareført.

6 Førehandsvarsel

Vi støtter forslaget om å unnlate å varsle familiemedlemer når dette er personen sitt ønske.

7 Opplysingar frå Folkeregisteret

For ordinære verjemålssaker er vi samde i at det ikkje bør vere fritt tilgjenge for kvar og ein til å få utlevert opplysingar om personen sitt verjemål. Det same kan gjelde for framtidsfullmakter.

For saker som gjeld fråtaking av rettsleg handleevne , stiller det seg etter vårt syn annleis. Fylkesmannen og retten har etter verjemålslova § 77 plikt til å tinglyse slik avgjerd i mellom anna Lausøyreregisteret og på Grunnboka, i tillegg til registrering i Folkeregisteret. Vi oppfattar at denne plikta er sett inn for å sikre notoritet, og for å verne både eventuell medkontrahent og verjehavaren sjølv. Vi meiner at opplysingane om kva den verjetrengande ikkje kan inngå avtale om på eigen hand, må vere tilgjengelege for både private aktørar og einskildpersonar. Dei einskilde punkta i fråtakinga bør difor ikkje vere underlagd teieplikt.

8 Varsel til Fylkesmannen ved saker om fråtaking av rettsleg handleevne

Det er viktig at Fylkesmannen vert opplyst om utfallet av ei sak i retten, som Fylkesmannen ikkje har vore ein del av. Vi er difor samde i at Fylkesmannen må verte varsla i desse sakene.

9 Opplysingsplikt for attlevande ektefelle i uskift bu

Vi sluttar oss til forslaget.

10 Mindreårige sin medråderett under verjemål

Vi er positive til ei harmonisering av aldersgrensene i samband med mindreårige sin medråderett, men meiner at dersom verjemålslova § 17 vert harmonisert, bør også det same skje for verjemålslova § 19.