§ 27-2 Departementet svarer på i kva grad føresegna gjeld ved bruksendringar

Vi viser til brev frå dykk datert 3. oktober 2022 med spørsmål om i kva grad plan- og bygningslova (pbl.) § 27-2 første ledd gir heimel til å avslå ein søknad om bruksendring.

Kommunal- og distriktsdepartementet tek ikkje stilling til konkrete einskildsaker anna enn når desse ligg til oss for klagesaksbehandling, eller når vi mottek spørsmål om omgjøring av einskildvedtak. I vår fråsegn uttalar vi oss på generelt grunnlag om korleis plan- og bygningslovgivinga er å forstå.

Vurderinga til departementet

 

  1. Generelt om krav til tiltak på eksisterande byggverk

Pbl. § 20-1 første ledd bokstav d, jf. § 20-2 stiller krav om søknadsplikt ved bruksendring. Det sentrale omsynet bak søknadsplikta er at kommunen skal få moglegheit til å vurdere om den planlagde bruken rører ved omsyn plan- og bygningslova skal ivareteke. Pbl. § 31-2 regulerer kva for krav som gjeld ved arbeid på eksisterande byggverk, blant anna ved bruksendring. Føresegna slår fast at tiltak på eksisterande bygg skal utførast i samsvar med regelverket. Det betyr at byggesaksreglar, plankrav og tekniske krav må oppfyllast ved søknadspliktig bruksendring.

Ved bruksendring er utgangspunktet at krava gjeld for den delen av byggverket som vert bruksendra så langt dei er relevante. Kva som er relevante krav må vurderast konkret. Dei aktuelle krava må ha ein påviseleg effekt i høve til formålet med krava.[1] Det må med andre ord vere ein samanheng mellom bruksendringa og kravet.

 

  1. Kravet om bortleiing av avløpsvatn i pbl. 27-2 første ledd

Pbl. § 27-2 krev at bortleiing av avløpsvatn er sikra og «i samsvar med forurensningsloven» før «opprettelse av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning bli godkjent.». Omsyna bak regelen er å unngå ureining og å syte for helsemessige tryggande tilhøve.[2] Krava i pbl. § 27-2 inneber at det må vere ein tryggleik for at akseptable løysingar for avløp ligg føre før tiltak vert tillate. Bygningsstyresmakta i kommunen må sjå til dette i byggesaksbehandlinga.

Vilkåret «i samsvar med forurensningsloven» i pbl. § 27-2 første ledd er meint som ei rein tilvising til ureiningslovgivinga.[3] Vilkåret må derfor ses i samanheng med samordningsplikta i pbl. § 21-5 og kravet til dokumentasjon i søknaden om løyve etter pbl. § 21-2. Set ureiningslova krav til samtykke eller vedtak for bortleiing av avløpsvatn, må samtykke eller vedtak ligge med søknaden om løyvet for at vilkåret i pbl. § 27-2 første ledd skal vere oppfylt. Tiltakshavar og ansvarleg søkar har ansvar for at kravet er tilstrekkeleg dokumentert i søknaden, jf. pbl. §§ 23-1 første ledd og 23-4 første ledd. Ligge det ikkje med vedtak eller samtykke der dette er nødvendig, må bygningsstyresmakta samordne seg med ureiningsstyresmakta, jf. pbl. § 21-5. I kva for tilfelle det er krav om samtykke eller vedtak etter ureiningslova for bortleiing av avløpsvatn, vert eit spørsmål ureiningsstyresmakta må svare nærare på.

Departementet har tidlegare uttala at det normalt ikkje er nødvendig å legge med løyve eller vedtak frå ureiningsstyresmakta der bortleiing av avløpsvatn skjer gjennom kommunalt avløpsnett.[4] Tiltakshavar må likevel få avklara med kommunen som anleggseigar at det kommunale anlegget har kapasitet. Der det ikkje er kapasitet, vil det kunne bety at det kommunale avløpsanlegget må byggast ut, og at det er nødvendig med nytt utsleppsløyve før bortleiing av avløpsvatn frå nye tiltak kan skje til det kommunale avløpsanlegget. Det kan også tenkast tilfelle der innhaldet i avløpsvatnet frå eit tiltak er av ein slik karakter at sjølve påsleppet vil kreve eige løyve frå ureiningsstyresmakta.[5] Som nevnt må dette avklarast nærare med ureiningsstyresmakta.

 

  1. Kravet i pbl. § 27-2 første ledd kan være relevant ved bruksendring

 Det er rett at «bruksendring» ikkje følgjer direkte av ordlyden i pbl. § 27-2 første ledd, men gjennom føresegna i pbl. § 31-2 første ledd kan derimot kravet gjere seg gjeldande ved bruksendring når dette er relevant. Kommunen må vurdere det i kvar einskilde sak. Det avgjerande må vere om bruksendringa er av ein slik karakter at dei omsyn som pbl. § 27-2 ivaretek, vert rørt ved, sjå over i pkt. 2. Nokre bruksendringar vil neppe gjere kravet i pbl. § 27-2 relevant, til dømes der ein bod i ein bustad vert endra til soverom. Der eit tidlegar kontorlokale vert bruksendra til hotell og restaurant, kan situasjonen sjå annleis ut, og det same kan tenkast der lokale for forretning vert endra til ein verkstad.

Der kravet etter pbl. § 27-2 første ledd er relevant ved bruksendring, og det ikkje let seg oppfylle dette, vil det for bygningsstyresmakta ligge føre heimel til å avslå søknad om ei bruksendring, jf. pbl. § 27-2 første ledd, jf. § 31-2 første ledd.

 

Vedlegg:

Sak 21/2119

Sak 21/1883

 

[1] Sjå prop. 64 L, s. 18.

[2] Sjå Ot.prp.nr.45 (2007-2008) s. 186.

[3] NOU 2005:12 s. 336

[4] Sak 21/2119

[5] Sak 21/1883