Høyringsbrev

Høyring - rett til redusert arbeidstid for arbeidstakarar over 62 år

Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser til vedlagte høyringsnotat med forslag om endringar i arbeidsmiljølova som styrkjer retten til redusert arbeidstid for arbeidstakarar over 62 år.

Bakgrunnen for forslaget er at Regjeringa i St.meld. nr. 5 (2006–2007) om opptening og uttak av alderspensjon i folketrygda har gjort framlegg om at alderspensjonen til folketrygda skal kunne takast ut heilt eller delvis etter fylte 62 år, og at det skal vere mogleg å kombinere arbeid og pensjon utan avkorting av pensjonen. På denne måten vil pensjonssystemet støtte opp om ei gradvis nedtrapping og kan medverke til at fleire står lenger i arbeid enn dei elles ville gjort. Det er då ein føresetnad at arbeidstakarar over 62 år verkeleg får høve til å arbeide redusert tid.

Vi ber om eventuelle merknader til høyringsforslaget innan 31. august 2007. 

 

Med helsing
Rune Ytre-Arna (e.f.)
avdelingsdirektør

 

 
Cecilie R. Sæther
seniorrådgjevar 

Vedlegg: Høyringsnotat