Høringsbrev

Høringsinstanser

Dykkar ref

Vår ref
200601483- /GFD

Dato
31. oktober 2006

Tilleggshøyring til havressurslova - sporing av fangst og registrering av mottakarar av fisk i første hand

Departementet syner til høyringa av NOU 2005: 10 Lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar, jf departementet sitt høyringsbrev datert 24. juni 2005.

Det har i høyringa kome forslag om nye føresegner knytt til ressurskontroll. Departementet har funne grunn til å sende desse spørsmåla på høyring til dei mest berørde instansane, jf Utgreiingsinstruksen kapittel 5.5.

Høyringa gjeld eit forslag om å gje ein heimel i havressurslova for å kunne innføre krav til sporing og merking av fisk som styrking av ressurskontrollen etter landing, samt eit forslag om heimel for å kunne innføre krav til registrering av førstehandsmottakarar av fangst. Departementet vil understreke at forslaget gjeld forskriftsheimlar, og ikkje forslag om innføring av konkrete reglar om sporing eller registrering av førstehandsmottakarar. Det vil vi greie ut og sende på eigne høyringar seinare.

Høyringsfristen er sett til 22. desember 2006.

Med hilsen

Jan Fredrik Danielsen
avdelingsdirektør

Gunnar Frogner Dahl
rådgjevar