Høringsbrev

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

03/01005

13.03.03

Høring – Forslag til endring av lov av 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler m.v – innkalling til høringsmøte
Endring av heimel for å dekke utgifter ved tilsyn og undersøkingar med næringsmiddel.

Helsedepartementet sender med dette forslag til endring av lov av 19. mai 1933 nr. 3 om tilsyn med næringsmidler m.v. på høring. Vi vil halde høringsmøte om endringa den 25. mars 2003 kl. 9 i auditoriet i Akersgata 59 (R5). Påmelding til høringsmøte ved Karen Haug Aronsen (e-postadresse: kha@hd.dep.no) innan 21. mars 2003.

1. Hovudinnhald

Endringsforslaget går ut på å endre heimelsgrunnlaget i avgiftsparagrafen i næringsmiddellova, så ein kan sjå matkjeda og kontrollen i samanheng fra jord/fjord til bord.

2. Bakgrunn for forslaget

Ved Stortingets behandling av Landbruksdepartementets budsjett for 2003 (St.prp. nr 1 (2002-2003) program kategori 15.10) vart det vedteke ei monaleg styrking for mat-, plante- og dyrehelsesektoren for 2003. Det vart samstundes vedteke å auke ulike avgifter, og dermed inntektene på det same området. I budsjettet for mat-, plante- og dyrehelsesektoren vart det lagt vidare auka vekt på heilkjedeperspektivet slik det vil verte nedfelt i det nye Mattilsynet frå 2004. I budsjettframlegget under kap. 1107 vart det derfor gjort greie for at god dyrehelse og dyrevelferd i aukande grad må sjåast i samanheng med mattryggleik. I tillegg vart det uttrykt at Statens dyrehelsetilsyn sitt arbeid med sjukdom og smittestoff som kan overførast frå dyr til menneske, samt overvaking av reststoff og forbodne stoff har mykje å seie for mattryggleiken.

I St.prp. nr. 1 (2002-2003 ) vart det derfor i vesentleg omfang lagt opp til at inntekter under kap. 4114, som blant anna er inntekter frå næringsmiddelavgifta, skulle gje dekning for tiltak under kap. 1107, i tillegg til å dekke kostnader under kap. 1114. Dette vart gjort under føresetnad av at Forskrift 27. november 1992 nr. 875 om næringsmiddelavgift (næringsmiddelavgiftsforskrifta) sin formålsparagraf skulle endras.

Under høringa av utkastet til ny forskrift kom det fleire merknader mot den føreslåtte endringa. Merknadane var frå fleire høringsinstansar særleg grunngjett i manglande heimelsgrunnlag for den tilrådde avgiftsaukinga. Helsedepartementet og Landbruksdepartementet vurderte saka på ny, og kom til at det ikkje vil være føremålsteneleg å endre forskrifta og avgiftssatsane, då det er reist tvil rundt heimelsgrunnlaget. For å kunne fylje opp Stortingets budsjettvedtak, finn Helsedepartementet og Landbruksdepartementet det riktig å endre heimelen i næringsmiddellova.

I tråd med St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) vil fem forvaltningsorgan verte samla i Mattilsynet frå 1. januar 2004. Dei organisatoriske endringar vedteke av Stortinget vil gjera det nødvendig å endre framtidig finansiering av matforvaltninga. Ei endring i heimelsgrunnlaget for nåverande næringsmiddelavgiftsforskrift vil derfor ha mellombels karakter.

3. Gjeldene rett

Næringsmiddellova omfattar all produksjon, lagring, transport, frambud og import av næringsmiddel. Med næringsmiddel meiner ein etter lova einkvar mat- og drikkevare, herunder drikkevatn. Lova avgrensast likevel av særlovgiving som regulerer særskilte næringsmiddel eller næringsmiddelproduksjon.

Lova har som primært føremål å verne og fremje folkehelsa ved blant anna å førebyggje tilverking og frambud av helseskadelege næringsmiddel, og regulerer dermed og eventuell helsefare som kan oppstå i primærproduksjonen.

Næringsmiddellova gjer heimel til å kunne fastsette forskrifter som pålegg private rettssubjekt å betala avgift til dekning av utgiftene ved det offentleges tilsyn og kontroll etter lova.

Næringsmiddelavgifta, jfr. forskrift 27 nov. 1992 nr. 875 er ei av de sentrale avgiftene på næringsmiddelområdet. Forskrifta er heimla i næringsmiddellova og landbrukskvalitetslova. Avgiftspliktig er ei kvar verksemd m.v. som nytter norskproduserte råvarer til næringsmiddel samt importørar av næringsmiddel, halvfabrikata og råvarer, jf. forskrifta § 3. Satsane vert vurdert/revidert årleg i tilknyting med Stortingets behandling av St. prp. nr. 1 (statsbudsjettet). Vatn, kjøtt og fisk er unntatt fra næringsmiddelavgifta, men kjøtt og fisk er lagt under andre avgiftssystem.

Næringsmiddellova har og ein heimel til å legge på gebyr i tilknyting til særlege ytingar og ekspedisjonar, for eksempel ved utsteding av attester, eksportsertifikat, autorisasjonar eller godkjenning av verksemder eller produkt etc. Det er vidare heimel til å påleggje verksemda å dekke kostnadar tilsynet har knytt til ekstraordinære tiltak i sambande med at verksemda gjentatte gonger har latt vere å etterkome pålegg. Dagens føresegner åpner og for at utgiftene ved å ta ut, sende og undersøke prøver kan påleggast verksemda eller den driftsansvarlege om det føreligg brot på krav gitt i eller i medhald av lova.

5. Økonomiske og administrative konsekvensar

Avgiftsendringa ligg allereie inne i budsjettet for 2003, endringa i heimelsgrunnlaget vil ikkje medføre ytterlegare administrative og økonomiske konsekvensar. Endringa i lova er av mellombels karakter og vil gjelde til eit avgiftssystem med omarbeidde heimlar er vedteke.

6. Merknader til endringsforslaget

Ei god dyrehelse vert i aukande grad sett i samanheng med mattryggleiken. Det arbeidet som vert gjort i samband med sjukdom og smittestoff som kan overførast frå dyr til menneske samt overvaking av reststoff og forbodne stoff, er og viktig for mattryggleiken. Den føreslåtte endringa i næringsmiddellova vil gje heimel til at ei avgift kravd inn med heimel i næringsmiddellova kan brukast til tilsyn og undersøking i heile matproduksjonskjeda. På den måten kan ein sjå matkjeda og kontrollen i samanheng fra jord/fjord til bord.

7. Forslag til lovendringar

I

§7 (2) skal lyde:

I forskrifter gitt av Kongen kan ervervsdrivende pålegges å svare avgifter for å dekke utgifter ved undersøkelse og tilsyn langs matproduksjonskjeden.

II

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

8. Høringsfrist

Vi vil halde høringsmøte om endringa den 25. mars 2003 i kl. 9 i auditoriet i Akersgata 59 (R5).

Med hilsen

Jon-Olav Aspås e.f.
ekspedisjonssjef

Sissel Lyberg Beckmann
avdelingsdirektør