Høyringsbrev

Høyringsinstansar

Deres ref

Vår ref

Dato

200405233 EP TFJ/ESI

02.04.2004

Høyring – forslag til endring i inkassolova § 5 første ledd bokstav b. Kravet om fast forretningsstad i Noreg

1. Justisdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om endring i lov 3. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven). Forslaget går ut på å endre inkassolova § 5 om vilkår for inkassoløyve, slik at inkassoforetak som driv frå fast forretningsstad i ein annan EØS-stat, kan få norsk inkassoløyve. I dag er det berre foretak som driv frå fast forretningsstad i Noreg, som kan få slikt løyve. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.

2. For at eit foretak skal kunne få inkassoløyve til stadig og ervervsmessig inndriving av forfalne pengekrav for andre (framandinkasso), må inkassoverksemda drivast frå ein fast forretningsstad i Noreg, jf. inkassolova § 5 første ledd bokstav b. Føresegna er grunngitt i kontroll- og handhevingsomsyn og i eit ønskje om å unngå lovvalsspørsmål, jf. Ot.prp. nr. 2 (1987-88) Om lov om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (Inkassoloven) s. 39 og 40.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) har reist spørsmål om kravet til fast forretningsstad i Noreg er i samsvar med EØS-avtalen. Prinsippet om fri rørsle av tenester er knesett i EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1, som lyder slik:

”Innen rammen av bestemmelsene i denne avtale skal det ikke være noen restriksjoner på adgangen til å yte tjenester innen avtalepartenes territorium for statsborgere i en av EFs medlemsstater eller en EFTA-stat som har etablert seg i en annen av EFs medlemsstater eller EFTA-stat enn tjenesteytelsens mottager.”

Føresegna inneber at foretak som høyrer heime i andre EØS-statar, i utgangspunktet skal kunne drive inkassoverksemd i Noreg på same vilkår som norske foretak. Etter EØS-avtalen artikkel 39, jf. artikkel 33, er reglar som diskriminerer utanlandske foretak, berre tillatne i den grad dei er grunngitt i omsynet til offentleg orden, tryggleik og folkehelsa. Andre restriksjonar på retten til å yte tenester kan ifølgje praksis frå EF-domstolen aksepterast dersom restriksjonen er grunngitt i tvingande allmenne omsyn, og er eigna til å ivareta desse omsyna. Restriksjonen må dessutan vere objektivt nødvendig, og ikkje gå lenger enn det som er påkravd for å ivareta omsyna bak restriksjonen.

Justisdepartementet har vurdert tilhøvet mellom inkassolova § 5 første ledd bokstav b og EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1, og har kome til at det kan vere grunn til å endre føresegna. Departementet legg i denne samanhengen vekt på at dei kontroll- og handhevingsomsyna som ligg til grunn for regelen, langt på veg er varetatt gjennom kravet om at eit foretak må ha norsk inkassoløyve for å drive inkassoverksemd i Noreg, og kravet om at foretaket må vere registrert i Foretaksregisteret, jf. lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak § 2-1 andre ledd. Det kan rett nok vere uheldig dersom norske skyldnarar risikerer å måtte halde seg til utanlandske inkassoforetak som ikkje kan kommunisere på norsk. Kredittilsynet kan på den andre sida stille visse minimumskrav med omsyn til språkkunne ved tildeling av inkassoløyve. Justisdepartementet meiner på denne bakgrunn at den norske reguleringa samla sett vil vere tilfredsstillande, sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd i Noreg kan drivast av foretak som har fast forretningsstad i ein annan EØS-stat.

Justisdepartementet gjer framlegg om at inkassolova § 5 første ledd bokstav b skal lyde:

b) inkassovirksomheten drives fra fast forretningssted innenfor EØS og

Departementet kan ikkje sjå at forslaget vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Forslaget inneber at det blir lettare for inkassoforetak frå andre EØS-statar å få norsk inkassoløyve. Dette kan ha ein gunstig konkurransemessig effekt. Justisdepartementet ser likevel ikkje for seg at så mange utanlandske inkassoforetak vil starte å tilby sine tenester i Noreg som følgje av lovendringa. Departementet viser i denne samanhengen til at kravet om fast forretningsstad berre er eitt av fleire vilkår for å kunne få inkassoløyve.

3. Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsbrevet ved å vende seg til Justisdepartementets lovavdeling, tlf. 22 24 53 99 / 61.

Departementet ber om svar innan 1. juni 2004.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sendt per e-post til: tore.fjortoft@jd.dep.no.

Med helsing

Inge Lorange Backer
ekspedisjonssjef

Tore Fjørtoft
fung. lovrådgivar