Høyringsbrev

Høyringsinstansar

Dykkar ref

Vår ref

Dato

2004/2143 AØ GP: AMA

04.05.2004

Ot.prp. om endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna, regelen om alder for forstandar i registerførte trudomssamfunn

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 24 heiter det:

”Den som skal vera prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn, må ikkje vera under 23 år og ikkje over 75 år. Han må liva eit heiderleg liv og ha evne til å gjera sine skyldnader etter lova.

Før han tek til i tenesta, skal han sende fylkesmannen skriftlig lovnad om at han skal gjera samvitsfullt alle gjeremål som er lagde til tenesta i eller med heimel i lov.

Når fylkesmannen har godteke lovnaden, skal han gjeva presten eller forstandaren brev om detta.”

Verken Kultur- og kyrkjedepartementet eller fylkesmannen kan i dag gi dispensasjon frå regelen om alder for forstandar.

Grunngivinga for regelen om alder finn vi i Innstilling om lov om trossamfunn frå Dissenterlovkommisjonen av 1957 (s. 172), der det heiter: ” For statskirke­prester er nedre alders­grense 25 år, for kallskapellaner og hjelpeprester 23. Den øvre er 70 år, men med adgang for Kongen til å forlenge tjenesten i inntil 5 år. Det synes natur­lig at man også for frikirkeprester har aldersgrenser som i noen grad beskytter mot umodenhet og alderdomssvekkelse.”

Utviklinga i dei seinare åra har ført til at reglane om alder for prestar i Den norske kyrkja blir praktiserte meir fleksibelt enn slik det er omtala i innstillinga frå Dissenterlovkommisjonen.

Forstandarar i trudomssamfunn har offentlegrettslege funksjonar. Det er derfor nødvendig å fastsetje krav for å bli godkjend som forstandarar. Den viktigaste offentlegrettslege funksjonen er vigselskompetanse. Stortinget har no vedteke å innføre obligatorisk borgarleg prøving av ekteskapsvilkåra, og det er folkeregistra som skal stå for denne prøvinga. Det inneber at vigslarane kan konsentrere seg om dei seremonielle og religiøse sidene ved vigselen. Som ei følgje av at vigslaren ikkje lenger skal prøve ekteskapsvilkåra, er ein vigsel utført i Noreg ikkje gyldig utan at det ligg føre ein gyldig prøvingsattest.

Det er følgjeleg ikkje lenger nødvendig å regulere krav om alder for forstandarar i same utstrekning som tidlegare. Departementet foreslår derfor å endre § 24 slik at fylkesmannen kan gjere unntak frå regelen om alder for forstandarar.

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje fører til særleg store administrative meirkostnader.

Departementet foreslår følgjande ordlyd i lov om trudomssamfunn og ymist anna § 24 første ledd:

”Den som skal vera prest eller forstandar i registerført trudomssamfunn, må ikkje vera under 23 år og ikkje over 75 år. Fylkesmannen kan gjera unntak frå denne regelen. Han må liva eit heiderleg liv og ha evne til å gjera sine skyldnader etter lova.”

Departementet ber fylkesmennene om å sende dette høyringsbrevet til alle trudoms- og livssynssamfunn, som får statstilskott innanfor ansvarsområdet til fylkesmannen.

Frist for høyringsfråsegna er 18. juni 2004.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Gro Paudal
seniorrådgjevar