Høringsbrev

Høyringsinstansar

Deres ref

Vår ref

Dato

200410824 EP

15.10.2004

Høyring – forslag til endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 om innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom

1. Høyring om tomtefesteforskrifta § 4

Departementet sender med dette på høyring eit spørsmål om realitetsendring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 om innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom. Fristen for merknader er 15. desember 2004.

2. Om saka

Som hovudregel kan ein festar etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 32, slik lova er etter endringar ved lov 2. juli 2004 nr. 63, krevje å få løyse inn festetomt til bustadhus og fritidshus. Dette kan krevjast når det er gått 30 år av festetida, seinare kvar gong det er gått 10 år, og når festetida er ute. Etter § 33 kan festaren når festetida er ute i staden krevje lenging av festet på same vilkår som før. Festehøvet vil då stå ved lag utan tidsavgrensing. Festaren sine etterlatne kan og på nærare vilkår etter §§ 32 og 33 krevje innløysing og lenging der tomta har vore festa bort for festaren sin livstid og festaren døyr.

Etter § 34 tredje ledd kan Kongen fastsetje ei forskrift om tilfella der festaren krevjar innløysing etter § 32 av ei tomt ”festa bort til fritidshus” som ”høyrer til ein landbrukseigedom”, dersom ”inntekta frå festetomtene utgjer ein monaleg del av den totale næringsinntekta som vert henta frå drift av landbrukseigedomen.” Det Kongen kan fastsetje for desse festehøva er at bortfestaren, når denne får eit krav om innløysing, i staden skal kunne tilby festaren lenging på same vilkår som før etter § 33, altså utan tidsavgrensing. Festet vil då stå ved lag til det blir sagt opp av festaren eller til tomta – etter tilhøva på eit seinare tidspunkt – kan bli innløyst.

Lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. er ved kgl. res. i dag blitt sett i verk frå 1. november 2004. For krav om innløysing er det gitt nærare overgangsreglar. Endringane i §§ 32, 33 og 34 mv. skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare. For livstidsfeste gjeld likevel endringane i §§ 32, 33 og 34 mv. der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.

Med heimel i § 34 tredje ledd har Kongen i statsråd ved kgl. res. i dag vidare endra forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4. Også denne endringa er gitt verknad der krav om innløysing fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare, eller ved livstidsfeste der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.

Etter endringa lyder § 4 slik:

”§ 4. (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette gjeld likevel berre dersom

a) det landbruksarealet som høyrer til eigedomen, med tillegg av rettar og lunnende, ikkje er vesentleg større enn det som trengst for å gje eigaren (brukaren) med huslyd trygge økonomiske kår, og

b) eigedomen ikkje er mindre enn at det den kastar av seg som jord-, skog- eller hagebruk, gjev eit tilskot å rekne med for levekåra til eigaren (brukaren) med huslyd, og

c) inntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, og

d) eigedomen blir driven som sjølvstendig eining innan landbruket, eller - dersom gardsdrifta til så lenge er nedlagt eller jorda er leigt bort - det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att som sjølvstendig eining før det er gått 5 år frå gardsdrifta blei nedlagt eller jorda blei leigt bort.”

Endringane i høve til tidlegare § 4 er merkte med kursiv. Endringane er av reint forskriftsteknisk karakter i høve til det som gjeld frå før. Dei er altså ei reint teknisk tilpassing som må gjerast i samband med iverksettinga av lovendringane i tomtefestelova. Det er her ikkje gjort realitetsendringar i § 4.

Det som blir tatt opp i høyringsbrevet her, er spørsmålet om det bør gjerast realitetsendringar i denne regelen, forskrifta § 4. Departementet ønskjer å vurdere dette spørsmålet no, med tanke på å gjere ei slik forskriftsendring tidleg i 2005. Ei slik regelendring vil kunne få verknad også for krav som allereie er fremja, men ikkje avgjorde på det tidspunktet ei eventuell forskriftsendring blir gjort.

Departementet nemner i denne samanhengen at etter § 36 første ledd må festaren krevje innløysing eller lenging skriftleg seinast eitt år før innløysingstida er inne. Etterlatne ved livstidsfeste må sende krav innan eitt år etter at festaren døydde. For anna enn livstidsfeste må eit eventuelt krav om skjønn etter § 37 andre ledd krevjast seinast seks månader før innløysingstida er inne. Dei første krava etter dei nye reglane vil kunne bli sette fram i november og desember 2004.

3. Bakgrunn og grunngjeving for landbruksunntaket

I den tidlegare lov 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste var det i høve til festeavtaler for bustadhus eller fritidshus, som var inngått eller lenga ved avtale 1. januar 1976 eller seinare, som hovudregel vedtatt ein innløysingsrett ved § 10 første ledd. I § 10 andre ledd var det sagt følgjande:

”Så lenge tomt festa bort til fritidshus høyrer til eit familiebruk eller kombinasjonsbruk innan landbruket og det festeareal som høyrer til bruket til saman utgjer ein turvande del av inntektsgrunnlaget, gjeld innløysingsretten ikkje så framt ikkje anna er avtalt, jfr. første stykket. Festeavtale til tomt som det etter dette ikkje er innløysingsrett til, kan festaren krevje lengd på same vilkår som før, kvar gong for minst 10 år, så framt omsyn til landbruket ikkje gjev rimeleg grunn til at festet skal opphøre. Held eigedomen som tomta er festa bort frå opp med å vere eit familiebruk eller kombinasjonsbruk, kan festaren søkje Kongen om å få løyse inn tomta. Kongen kan i forskrift gje nærare føresegner om gjennomføring av slik innløysingsrett.”

For andre, eldre, festeavtaler var det fastsett i § 33 at Kongen etter søknad kunne samtykke til at festaren fekk rett til å krevje innløyst tomt festa bort til bustadhus eller fritidshus. Føresegna i § 10 andre stykket gjaldt tilsvarande ved vurderinga av slike søknadar, jf. § 33 første ledd siste punktum.

Landbruksunntaket var basert på eit fleirtalsforslag i Innst. O. nr. 37 (1974-75). Som bakgrunn var følgjande sagt på side 3:

”I mange tilfelle er private festeordninger på landsbygda en del av landbrukets næringsgrunnlag og kan stå i en noe annen stilling enn andre private bortfestetilfeller. Det ville være ønskelig at jord- og skogbrukere kunne sikre sitt næringsgrunnlag gjennom aktivt landbruk i stedet for grunneierinntekter, men situasjonen i mange bygder i utkantene er slik at festeinntektene er påkrevd for å hindre nedleggelse av bruk og fraflytting. Kapitalmangel gjør ofte at alternativet med utleiehytter ikke lar seg gjennomføre.”

Og på side 6 var mellom anna følgjande sagt:

”Det unntak fra innløsningsretten som her foreslås, vil bli hovedregelen for de aktuelle festeavtaler. ...
Disse medlemmer vil understreke den begrensning som ligger i formuleringen ”eit familiebruk eller kombinasjonsbruk”. Det er også forutsetningen at samlet festeavgift skal utgjøre en nødvendig del av inntektsgrunnlaget på bruket. På den måten ønsker disse medlemmer å unngå at det etableres en bortfesterstand med bortleie av grunn som hovednæringsvei uten at det samtidig foregår en effektiv og rasjonell drift av selve bruket.”

Ved kgl. res. 19. desember 1975 blei det fastsett forskrifter til dette. Her blei det gitt nærare vilkår for å rekne ein eigedom som familiebruk eller kombinasjonsbruk, mellom anna vilkår som heilt svarar til noverande forskrift § 4 bokstav a og b, sjå punkt 2 foran. Vidare blei verknaden av landbruksunntaket avgrensa i dei høva der gardsdrifta var mellombels nedlagt eller jorda leigd bort. Men i motsetnad til etter noverande forskrift § 4 bokstav d, skulle det etter 1975-forskrifta gjerast ei vurdering i eit 20 års perspektiv framover på vurderingstidspunktet. Vidare fastsette 1975-forskrifta § 3 at festeinntekta i alle høve skulle reknast som ein turvande del av inntektsgrunnlaget ”når dei til saman utgjer ein tidel eller meir av bruttoinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk”. Det var og nokre særreglar for sameigehøve. Frå 1986 var reglane om dette fastsette i forskrift 5. desember 1986 nr. 2166, som ved ikraftsetjinga av lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste med heimel i lova § 33 første og tredje ledd blei avløyst av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. I denne forskrifta svarar § 4 når det gjeld realitetsinnhaldet ‑ men ikkje når det gjeld den tekniske utforminga ‑ til § 4 slik regelen er fastsett ved kgl.res. i dag.

Lovføresegna om landbruksunntaket er no ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. endra i høve til det som gjaldt tidlegare. Lovregelen ‑ § 34 tredje ledd ‑ er no ikkje forma som eit direkte lovfesta unntak frå innløysingsretten, men som ein fullmakt til Kongen om at han kan fastsetje eit slikt unntak, sjå punkt 2 foran.

Bakgrunnen for at landbruksunntaket er halde oppe går fram av Ot. prp. nr. 41 (2003-2004) side 33-34, og på side 34 seiast mellom anna følgjande:

”Departementet er ... kommet til at det fortsatt bør opprettholdes et unntak fra retten til innløsning av tomt festet til fritidshus som har en nærmere bestemt tilknytning til landbruksdrift. Av hensyn til utviklingen i landbrukspolitikken vil departementet imidlertid gå inn for en mer fleksibel forskriftshjemmel for å bestemme hvorvidt det skal gjøres unntak fra innløsningsretten, og hvilke vilkår som i så fall skal gjelde. Fleksibilitet er også viktig for å utforme og tilpasse regelverket til utviklingen, slik at det blir enkelt og praktikabelt og ikke unødig skaper rettstvister om innløsning av festetomt. Etter gjeldende rett har Kongen allerede en relativt vid fullmakt til å bestemme vilkårene for og gjennomføring av innløsning av festetomt som hører til landbruksdrift i tomtefesteloven § 33 første ledd. Departementet foreslår i proposisjonen en bestemmelse om at Kongen i forskrift kan fastsette at det ikke skal være rett til innløsning av tomt som hører til en landbrukseiendom og er festet bort til fritidshus, der inntekten fra festetomtene utgjør en ikke ubetydelig («monaleg») del av den totale næringsinntekten som kommer fra drift av landbrukseiendommen. Departementet tar med dette ikke sikte på noen realitetsendring av retten til innløsning for fritidsfeste som hører til landbruksdrift på det nåværende tidspunkt. Dersom lovforslaget blir vedtatt, vil det bli foretatt tekniske endringer i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 § 4 for å videreføre gjeldende rett på dette punktet. Dersom det senere skulle bli aktuelt å vurdere innholdsmessige endringer i forskriften, vil dette bli sendt på høring som egen sak.”

På side 68 er dette sagt:

”Tredje ledd inneholder en hjemmel for Kongen til å gi forskrift om retten til innløsning av tomt festet til fritidshus som hører til landbruksdrift. Det foreslås en noe videre fullmaktsbestemmelse enn i nåværende § 33 første ledd fjerde punktum, jf. tredje punktum. Bakgrunnen for dette er at departementet mener det er behov for en forskriftshjemmel som gir større fleksibilitet til å regulere innløsning av festetomter som ligger til landbruksdrift, se nærmere under punkt 5.5.2. Dersom inntekten fra festetomtene utgjør en «monaleg del» av den totale næringsinntekta som skriver seg fra drift av landbrukseiendommen, kan Kongen gi regler om unntak fra innløsningsretten i § 32 i lovutkastet. Departementet legger til grunn at festeinntektene ved et slikt ordvalg skal være ikke ubetydelige, men de behøver ikke være en vesentlig del av totalinntekten. Lovteknisk innebærer dette at nåværende unntak i § 33 første ledd tredje punktum vil bli innarbeidet i forskriften til tomtefesteloven. Dette krever bare mindre tekniske endringer i forskriften. Departementet går på det nåværende tidspunkt ikke inn for at det gjøres materielle endringer i reglene om innløsning av festetomter som ligger til landbruksdrift.
Hvis bortfesteren vil påberope seg regelen ved krav om innløsning, må han i stedet tilby festeren forlengelse på samme vilkår som før etter § 33, jf. § 7 første ledd. Etter gjeldende § 33 første ledd femte punktum er det tilstrekkelig å tilby forlengelse i minst 10 år «kvar gong».”

Innst. O. nr. 105 (2003-2004) side 11-12 inneheld mellom anna følgjande merknader frå den fraksjonen som gjekk inn for den lovteksta som blei vedtatt:

”Etter komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti sin oppfatning er det ... nødvendig å gjøre visse unntak fra en generell rett til innløsning av festetomt på nærmere angitte vilkår. Flere gårdsbruk har festet bort tomter i den hensikt å sikre gården næringsinntekter i fremtiden. Disse medlemmer anser det som ønskelig å opprettholde tomtefeste som et viktig inntektsgrunnlag i landbruksnæringen. Ordningen ivaretar behovet for en årlig inntektsstrøm til eiendommen også etter et generasjonsskifte. Dette er i flere tilfeller en forutsetning for å opprettholde bosetting på bruket.
Disse medlemmer mener at unntak fra innløsningsrett skal gjelde for tomter som er festet bort til fritidshus, når tomten hører til en landbrukseiendom. Unntaket gjelder ikke når tomt tilhørende landbrukseiendom er festet bort til boligformål. Bakgrunnen for dette er at disse medlemmer mener de sosialt pregede hensyn til fester veier tyngre når det dreier seg om feste til boligformål enn når festekontrakten er inngått for å bygge fritidsbolig.
...
Hva som skal regnes som «ein landbrukseigedom» etter forslag til ny tomtefestelov § 34 tredje ledd må etter disse medlemmers mening vurderes ut fra naturlig språkbruk, bestemmelsens formål og må også i noen grad fortolkes i sammenheng med den til enhver tid gjeldende landbrukslovgivning. Disse medlemmer vil fremheve at man på dette punkt tar sikte på å videreføre gjeldende rett.
Med uttrykket «ein monaleg del» menes 10 % eller mer av totalinntekten det året innløsning kreves, ved drift av eiendommen som jord-, skog- eller hagebruk. Disse medlemmer forutsetter at dagens praksis også på dette punkt videreføres uendret.”

Justisdepartementet vil særleg halde fram at ei uttrykkeleg målsetjing med den siste lovendringa var å ha ein meir fleksibel forskriftsheimel for å fastsetje mellom anna vilkåra som i tilfelle skal gjelde for eit landbruksunntak, og at justisnemnda understreka dei reelle momenta som gjer seg gjeldande som grunngjeving for unntaket, mellom anna ønsket om å oppretthalde tomtefeste som eit viktig inntektsgrunnlag i landbruksnæringa.

Fullmaktsheimelen til Kongen er at han kan fastsetje unntak dersom ”inntekta frå festetomtene utgjer ein monaleg del av den totale næringsinntekta som vert henta frå drift av landbrukseigedomen”. I lys av proposisjonen og justisnemndas innstilling kan dette i utgangspunktet ikkje tolkast som ein meir snever heimel enn når Kongen inntil no etter lova § 33 første ledd har kunna gje ”nærare føresegner om vilkåra for” innløysing der tomt høyrde ”til eit familiebruk eller kombinasjonsbruk innan landbruket og det festeareal som høyrer til bruket til saman utgjer ein turvande del av inntektsgrunnlaget”. Ein skal ved fastsetjing av forskrifter om dette likevel ikkje la unntaket gjelde der inntekta frå festetomtene utgjer mindre enn 10 % av det som definerast som det avgjerande inntektsgrunnlaget. Korleis ein meir presist skal rekne ut den totale næringsinntekta kan forskrifta ta nærare stilling til, då forarbeida ikkje opplyser dette nærare.

4. Kvifor vurderer departementet å endre § 4?

Landbruket og produksjonen av mat blir påverka av internasjonale avtaler og ein meir open marknad. Dette er mellom anna aktualisert gjennom rammeavtala for dei vidare forhandlingane i WTO som blei vedtatt i august i år. Ein legg der opp til monaleg reduksjon av handelsvridande støtte til landbruket, eliminering av eksportsubsidiar og til vesentleg forbetra marknadstilgang for industrivarer, blant anna fisk. Også den nasjonale landbruks- og matpolitikken legg opp til redusert kostnadsnivå og strukturendringar. Det er derfor nødvendig med ein meir effektiv produksjon, auka marknadsorientering og større fridom til å etablere nye livskraftige næringar i landbruket. Gjennom satsinga Landbruk Pluss legg regjeringa til rette for at effektiviseringa blir kombinert med ny næringsutvikling, slik at målet om levande og aktive bygdesamfunn skal kunne bli realisert. Det vil skape eit sikrare grunnlag for bygdenæringane på lengre sikt, og det er ein føresetnad for målet om eit aktivt landbruk over heile landet.

Grunnlaget for å utvikle ny næringsaktivitet og attraktive bustader i bygdene parallelt med strukturendringar i landbruket ligg i ein aktiv utnytting av dei lokale tilhøva. Turisme er ein sentral del av driftsgrunnlaget på mange gardsbruk i distrikts-Noreg. Inntektene frå bortfeste av tomter til fritidsbustader er ein del av dette driftsgrunnlaget, saman med inntekter frå servering, utleige av hytter og andre overnattingstilbod, transport, alpinanlegg med meir.

Landbruksunntaket slik det er ført vidare i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 er avgrensa i stor grad slik som i 1975. Departementet meiner ein bør vurdere endringar av fleire grunner. I stor mon byggjer avgrensingane på at det må gjerast ei skjønnsmessig bedømming i det einskilde tilhøve. Ein bør vurdere om ein bør gå over til reglar som gjev eit meir presist svar på korleis løysinga skal bli i det einskilde tilhøvet. Ulempa ved ei slik presiserande tilnærming blir at den no nokså enkle forskriftsteksta må bli meir utførleg og detaljert, og – kan ein seie – mindre lesarvennleg. Likevel må ein rekne med at tvistepotensialet går noko ned med ein meir presis og utførleg regel. Vidare kan ein spørje om avgrensingane gir eit godt samsvar med dagens landbrukspolitikk, og vernar den næringsverksemda som ein finn størst grunn til å søkje å leggje best mogleg tilrette for i dag.

Når forskrifta § 4 i dag i bokstav c nyttar bruttoinntekta (”totalinnkoma”) som eit avgjerande mål for når landbruksunntaket kan slå inn, synest dette å føre til at ulike typar gardsbruk systematisk kan få eit noko ulikt vern av regelen, utan at dette er tilsikta eller i samsvar med dagens landbrukspolitikk. Særleg deler av landbruksnæringa som med moderne driftsformer har ei svært høg bruttoinntekt, men ei langt meir moderat nettoinntekt, vil få høgst avgrensa nytte av eit landbruksunntak, samanlikna med dei som også har ei meir moderat bruttoinntekt. Om ein opprettheld bruttoinntekta som det avgjerande, vil landbruksunntaket truleg i mindre utstrekning omfatte dei som driv husdyrbruk og planteproduksjon på næringsmessig basis. For husdyrproduksjonane gjeld dette i sterkare grad der det blir brukt mykje kraftfór (svin og fjørfe) enn i produksjonar basert på grovfór og beite. På same tid vil unntaket verne dei fleste bruk med svak drift.

Det kan illustrerast ved nokre eksempel basert på typiske bruksstorleikar og driftsformer i landbruket korleis 10 % av bruttoinntekta og 10 % av nettoinntekta vil gje høgst varierande innslagspunkt for landbruksunntaket. (Eksempla byggjer på tal frå Referansebruksberekninger 2004 frå Budsjettnemnda for jordbruket. I referansebruksberekningane bruker ein normaliserte rekneskapstal frå rekneskapsundersøkingane (driftsgranskingane) til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning.)

Eksempel 1 (jf. referansebruk nr 1):

  • Mjølk og storfeslakt
  • 16,0 årskyr
  • Bruttoinntekt: 801.160 kroner
  • Nettoinntekt: 246.227 kroner

Eksempel 2 (jf. referansebruk nr 5):

  • Svin og korn
  • 33,9 avlssvin og 263 dekar korn
  • Bruttoinntekt: 1.577.592 kroner
  • Nettoinntekt: 360.459 kroner

Eksempel 3 (jf. referansebruk nr 25):

  • Sau
  • 179,1 vinterfôra sauer
  • Bruttoinntekt: 443.333 kroner
  • Nettoinntekt: 129.563 kroner

Eksempel 4 (jf. referansebruk nr 23):

  • Sau
  • 81,0 vinterfôra sauer
  • Bruttoinntekt: 198.594 kroner
  • Nettoinntekt: 30.700 kroner

Eksempel 5 (jf. referansebruk nr 20):

  • Korn
  • 229 dekar korn
  • Bruttoinntekt: 281.928 kroner
  • Nettoinntekt: 57.256 kroner

Ut frå spørjeundersøkinga som ligg til grunn for vedlegg 2 til Ot. prp. nr. 41 (2003-2004) hadde rundt halvparten av dei tomtene som landbruksunntaket er aktuelt for festeavgifter mellom 1000 og 3000 kroner for kvar dekar, mens rundt fjerdeparten låg mellom 100 og 1000 kroner for kvar dekar. Rundt 80 % av desse kontraktane tykkjest ha festeavgiftsregulering etter konsumprisindeksen. Tala tyder vidare på at berre 2 til 4 % av desse festetomtene kan vere større enn 3 dekar, at rundt 1/3 har areal mellom 1 og 3 dekar, og at resten er på opp til og med eitt dekar eller er punktfeste. Ut frå desse tala må ein slutte at ein regel om at festeinntektene må utgjere 10 % av bruttoinntekta for at landbruksunntaket skal slå inn, i mange høve vil gjere at det skal liggje svært mange festetomter til ein landbrukseigedom for at unntaket skal bli aktuelt. Reknar ein 10 % i høve til nettoinntekta vil landbruksunntaket i langt større mon gje eit vern også for gardsbruka i eksempla 1, 2 og 3.

Dei utslaga som er omtala står i motsetnad til målsettinga i landbrukspolitikken om å prioritere landbruksføretak som gir eit vesentleg bidrag til inntekt og sysselsetjing. I landbrukspolitikken oppnår ein dette blant anna ved at strukturprofilen i produksjonstilskota blir redusert og ved at ein set eit minstekrav til omsetnad for å få tilskot. Regjeringa sin landbrukspolitikk legg òg vekt på at andre landbruksbaserte næringar i større grad enn tidlegare skal medverke til livskraftig næringsliv på bygdene.

Sett i ein slik samanheng er det uheldig at regelen om unntak frå innløysingsretten i liten grad omfattar landbruksføretak med næringsmessig drift av særleg omfang, og der jordbruk, gartneri og skogbruk i mange tilfelle blir kombinert med annan landbrukstilknytt næringsverksemd for å gi eit tilstrekkeleg inntektsgrunnlag. Det er fare for at regelen kan svekkje inntektsgrunnlaget og dermed også føresetnadene for busetjinga i sårbare område, særleg i innlandet.

Ein sikrar best næringsgrunnlaget utover landet ved å la nettoinntekta bli avgjerande for korleis landbruksunntaket skal slå inn, og departementet meiner at ein bør vurdere ei endring i denne retninga.

Landbruksunntaket er historisk innretta for å verne dei tradisjonelle personlege familie- og kombinasjonsbruka. Dei avgrensingane som følgjer av dette er det truleg ikkje grunn til å oppretthalde fullt ut i dag. Gjeldande § 4 er innretta slik at det er landbruksinntekta frå spesielt den eigedomen som festetomtene høyrer til, som er avgjerande for om landbruksunntaket vil slå inn. Men i og med at unntaket er grunna i næringsmessige omsyn, meiner departementet at det i dag kan vere meir riktig å sjå festeinntektene i høve til grunneigarens samla inntekt frå jord-, skog- eller hagebruk, sjølv om dette også kjem frå til dømes tilleggsjord som bortfestaren leigar. Ein føresetnad bør likevel alltid vere at også den eigedomen som festetomtane høyrer til er ein landbrukseigedom av ein viss storleik som gjev ein del av grunneigarens samla inntekt frå jord-, skog- eller hagebruk. Det siste er truleg påkrevd også av omsyn til heimelsgrunnlaget i lova. Ein bør som sagt vurdere å trekkje inntekt frå leigejord inn i vurderinga, men også meir enn dette bør truleg reknast som ein del av grunneigaren sitt samla jord-, skog- eller hagebruk, som festeinntektene bør haldast opp mot. Departementet legg til grunn at også den delen av grunneigarens inntekt som kjem frå andel eller arbeid i føretak som driv jord-, skog- eller hagebruk bør trekkjast inn, dersom drifta av eigen landbrukseigedom inngår i føretakets verksemd. Dermed vil regelen trekkje inn også den inntekt som fell til grunneigaren når denne til dømes veljer å drive sitt jord-, skog- eller hagebruk i eit føretak saman med grannane.

Ved å gå bort frå å vurdere festeinntekta opp mot andre inntekter berre frå den eigedomen som festetomtene høyrer til, vil det bli enklare å finne fram dei avgjerande tala i dei tilfella der grunneigaren driv landbruk på fleire eigedomar.

Ved å endre bruttoregelen til ein nettoregel vil landbruksunntaket femne om fleire tilhøve enn i dag. Endringa gjer at landbruksunntaket vil gi eit langt meir aktuelt vern for næringsgrunnlaget i distrikta. Men dersom grunneigaren si inntekt frå det samla jord-, skog- eller hagebruk som utgjer grunneigarens næring trekkjast inn, gjer dette isolert sett at nokre fleire festarar vil få rett til å løyse inn tomtene sine, enn om ein held seg til berre grunneigarens inntekt frå den landbrukseigedomen som festetomtane historisk sett høyrer til. At nettoinntekta blir avgjerande, betyr likevel venteleg mest i praksis.

Eit argument mot å gjere endringar i forskrifta § 4, særleg mot å gå over frå ein regel om brutto inntekt (sjå noverande § 4 bokstav c, jf. foran under punkt 2) til netto inntekt, vil vere at å utvide landbruksunntaket innskrenkar festaren sin innløysingsrett. Dette vil gjere at ein del fritidsfestarar mister dei moglegheitene til framtidig innløysing som dei har hatt etter tomtefestelova § 33 første og tredje ledd, slik den lød før endringa ved lov 2. juli 2004 nr. 63, og som dei også hadde etter den tidlegare lov 30. mai 1975 nr. 20 om tomtefeste § 10 første og andre ledd og § 33 første ledd. Bruttoregelen blei som sagt vedtatt allereie i 1975.

Departementet vil nemne at landbruksunntaket ikkje gjeld så lenge innløysingsretten er ei kontraktheimla rett for festaren, sjå tomtefestelova § 34 fjerde ledd.

5. Nærare om endringsforslaget

Endringsforslaget blir her kommentert i høve til forskrifta § 4, slik den er vedtatt ved kgl. res. i dag, sjå punkt 2 foran. Under kommentaren til utkastet § 4 fjerde ledd bokstav b blir einskilde meir generelle spørsmål også trekte inn, nemleg kva ein meinar med ”grunneigar”, korleis ektefellar og husstandsmedlemer kjem inn, og korleis ein skal vurdere sameigetilhøve.

Først nemnast at den vedtekne § 4 bokstav a ikkje er foreslått ført vidare i utkastet til ny § 4. Etter bokstav a vil landbruksunntaket ikkje gjelde dersom eigedomen mv. er ”vesentleg større enn det som trengst for å gje eigaren (brukaren) med huslyd trygge økonomiske kår”. Utkastet inneheld ikkje ei slik øvre grense. Også for særs store landbrukseigedomar vil dermed dei andre krava bli avgjerande for om landbruksunntaket slår inn. For å oppfylle kravet om at festetomtene skal gje 10 % i høve til andre inntekter, må det meir til når eigedomen har særleg høge samla inntekter. Truleg har den regelen som etter framlegget ikkje blir vidareført, ingen eller liten verknad i praksis.

Utkastet § 4 første ledd bokstav a: I den vedtekne § 4 stiller bokstav b minstekrav til eigedomen for at landbruksunntaket skal gjelde. Eigedomen må ikkje vere ”mindre enn at det den kastar av seg som jord-, skog- eller hagebruk, gjev eit tilskot å rekne med for levekåra til eigaren (brukaren) med huslyd”. Hobbybruk og eigedomane med svakast drift er altså ikkje verna av landbruksunntaket. Kor grensa nedetter skal setjast avheng av kva slags næringshøve ein ønskjer å leggje til rette for, ved å verne om festeinntektene på ein annan måte enn det som gjeld generelt i tomtefestehøve. I utkastet § 4 første ledd bokstav a setjast grensa nedetter på ein meir eksakt måte, basert på storleiken på eigedomen. Utkastet § 4 første ledd bokstav a seier at landbruksunntaket skal gjelde der ”eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar”. Dette fell saman med avgrensingane i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 4 første ledd nr. 4 og § 5 andre ledd første punktum.

Departementet har i denne samanheng vurdert om landbruksunntaket attåt dette berre bør gjelde der det nedre grunnvilkåret for produksjonstilskot i jordbruket er innfridd. Etter forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket 22. mars 2002 nr. 283 § 3 bokstav b krevjast at verksemda ”har hatt en samlet omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tjenester på til sammen minimum kr 30.000 i løpet av de siste 12 måneder før den registreringsdato som er fastsatt i eller i medhold av jordbruksoppgjøret for søknad om produksjonstilskudd”. Dette grunnvilkåret er utforma med bakgrunn i Stortinget sitt ønskje om å prioritere bruk som er viktige for inntekt og sysselsetjing. Eit slikt krav kunne vore utforma til dømes som eit krav om at ”grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem, har hatt ein gjennomsnittleg årleg samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minst 30 000 kronar dei fem føregåande åra”. Registreringsplikta etter lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 28 gjeld først når den årlege omsetnaden mv. går over 50 000 kroner. I samband med søknad om produksjonstilskot gir søkjaren ikkje oppgåve over eller dokumentasjon for omsetnaden mv., men berre ei fråsegn om at omsetnaden er slik at grunnvilkåret for tilskot er oppfylt. Departementet er kome til at det ikkje vil gå inn for eit minstekrav tilsvarande grunnvilkåret for produksjonstilskot.

Utkastet § 4 første ledd bokstav b seier at landbruksunntaket berre slår inn der ”eigedomen utgjer heile eller ein del av grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem sitt aktive samla jord-, skog- eller hagebruk”. I hovudtrekk er dette ei vidareføring av aktivitetskravet og tilknytingskravet (mellom festeinntektene og landbruksinntektene) i hovudregelen i den vedtekne § 4 bokstav d. Men utkastet fører ikkje vidare kravet om at landbrukseigedomen som festetomtene i tingsrettsleg forstand høyrer til, skal vere ei sjølvstendig eining innan landbruket. Om ein familie til dømes driv fleire eigedomar og korleis drifta er organisert, vil bety mindre etter forslaget enn før. For å sjå følgjene av endringa må ein trekkje inn utkastet fjerde ledd bokstav b som definerar nærare kva som er husstanden sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk”. Kravet i bokstav b stiller krav til at eigedomen i notid faktisk ”utgjer” heile eller ein del av det ”aktive”, samla jord-, skog- eller hagebruket. Er landbruksdrifta heilt nedlagt eller jorda bortleigd, er det ikkje eit ”aktivt” bruk, og dette grunnvilkåret er ikkje oppfylt. Likevel kan landbruksunntaket slå inn med heimel i utkastet § 4 andre ledd, dersom det berre er i ei avgrensa periode at grunnvilkåret ikkje er innfridd.

Utkastet § 4 første ledd bokstav c innfører eit krav om at inntekta frå festetomtene til saman må utgjere meir enn 15 000 kroner årleg som eit vilkår for at landbruksunntaket skal slå inn. Eit minstekrav her har samanheng med overgangen frå å rekne festeinntektene i % av bruttoinntekta til å rekne festeinntektene i høve til nettoinntekta, sjå til utkastet første ledd bokstav d nedanfor. Nettoinntekta kan i visse høve bli svært låg, sjølv om vilkåra som elles blir sett ved § 4 er innfridde. Utan at festeinntektene har eit visst samla omfang, slår ikkje grunngjevinga for eit landbruksunntak inn, og ein bør derfor ha eit visst minstekrav her.

Utkastet § 4 første ledd bokstav d: Den vedtekne bokstav c stiller minstekrav til inntektene frå festetomtene som vilkår for at landbruksunntaket skal gjelde. Regelen krev at ”inntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk”. Ein skal her leggje saman bruttoinntektene frå jord-, skog- eller hagebruk med festeinntektene. Så skal ein sjå om festeinntektene utgjer 10 % eller meir av dette. I så fall har ein innfridd dette vilkåret for landbruksunntaket. I utkastet § 4 første ledd bokstav d foreslår departementet at landbruksunntaket skal slå inn på vilkår av at ”inntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til den gjennomsnittlege årlege nettoinntekta som grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem, har hatt frå sitt samla jord-, skog- eller hagebruk dei fem føregåande åra”. Samanlikna med den gjeldande forskrifta inneber utkastet desse endringane:

  • Ein skal ikkje vurdere festeinntekta opp mot ”totalinnkoma”, altså bruttoinntekta, men opp mot nettoinntekta. Om grunngjevinga for dette visast det til punkt 4 foran.
  • Ein skal ikkje vurdere festeinntekta opp mot inntekta frå ”drift av eigedomen”, men opp mot inntekta ”som grunneigaren og/eller ein ektefelle eller eit husstandsmedlem, har hatt frå sitt samla jord-, skog- eller hagebruk”. Dette er gjort ut frå at landbruksunntaket er grunna i ønskjet om å gi eit vern for næringsverksemd slik den i praksis blir driven. Då bør ein trekkje inn heile verksemda i vurderinga. Vidare vil ein ikkje kunne hente dei relevante tala frå skatterelaterte oppgåver dersom ein held fast ved den gamle avgrensinga her.
  • Ein skal ikkje vurdere festeinntekta som ein del ”av” totalinntekta, men ”i høve til” andre inntekter. Frå ein regel der ein reknar festeinntekta saman med bruttoinntekta frå jord-, skog- eller hagebruk, og så ser om festeinntekta utgjer minst 10 %, går ein over til ein regel der ein ser om festeinntektene utgjer meir enn 10 % av inntektene frå det samla jord-, skog- eller hagebruk, utan at festeinntektene reknast inn i det siste. Denne endringa heng saman med korleis ”nettoinntekta” er nærare definert i utkastet § 4 fjerde ledd bokstav e. Endringa er gjort for å få ei regel der ein i viktige tilfelle kan hente ut svaret frå eit bestemt skjema som blir fylt ut i skattesamanheng i samband med gardsdrifta. Dersom ein veljer andre løysingar her under første ledd bokstav d, må det gi ei meir omfattande nyansering under fjerde ledd bokstav e. Det vil då bli naudsynt å relatere vurderinga til fleire ulike skjema for ulike former for tilknyting til gardsdrifta som grunneigaren kan ha. Dette ser departementet som mindre ønskjeleg.
  • Ein skal ikkje vurdere inntektene ut frå ein aktuell reell notidsvurdering, men halde festeinntekta frå ein forskriftdefinert tidsperiode opp mot gjennomsnittet av andre inntekter frå ein forskriftdefinert tidsperiode. Sjå nærare definisjonane i utkastet § 4 fjerde ledd bokstav c og d om kva som reknast som ”inntekta frå festetomtane” og ”dei fem føregåande åra”. Dette er gjort for å få ei regel der ein kan rekne ut svaret utan nærare skjønn.

Lovutkastet regulerer ikkje om festaren på førehand – før fristen for å krevje innløysing er ute – har innsynsrett hjå festaren eller offentlege instansar (særleg likningskontoret) i oppgåver eller dokumentasjon som har relevans for spørsmålet. Departementet ber om at høyringsinstansane vurderer om det er ønskjeleg å ha ei føresegn som gir heimel for og klårgjer ein slik innsynsrett.

Utkastet § 4 andre ledd er – som utkastet første ledd bokstav b ‑ ei vidareføring av den vedtekne § 4 bokstav d, men her av unntaket i regelen. Utkastet er i hovudsak ei vidareføring av regelen som gjer at nedlegging eller bortleige av landbruksdrifta for ei kortare periode (opp til 5 år – i detalj noko endra), ikkje stengjer for at grunneigaren kan nytte landbruksunntaket. Men på grunn av at landbruksunntaket elles ved utkastet er gjort om frå ei skjønnsregel til ein rekneregel, må det fastsetjast nærare reglar for desse unntakstilfella. I nokon mon må ein her godta ein regel som baserer unntaket på ei skjønnsmessig vurdering, sidan første ledd bokstav d ikkje kan nyttast. I tillegg må det gjerast unntak frå første ledd bokstav b. Ei presisering for å fange inn nye organisasjonsformer i landbruket er gjort: Bortleige til eit føretak der grunneigaren og/eller ein eventuell ektefelle eller husstandsmedlem deltek (åleine eller med ei større eller mindre lut), reknast ikkje som relevant etter regelen her, sjå samanhengen med utkastet § 4 første ledd bokstav b, jf. fjerde ledd bokstav b.

Utkastet § 4 tredje ledd: Det gjeldande landbruksunntaket er eit unntak som gir vern for tradisjonelle familie- og kombinasjonsbruk i landbruket. Slik utkastet § 4 no formulerast, er det naudsynt å gjere ei presisering om at paragrafen ikkje gjeld ”for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis”, jf. utkastet § 4 tredje ledd. I slike høve slår ikkje grunngjevinga for unntaket inn.

Utkastet § 4 fjerde ledd: Om ein skal ha som mål at avgjerda av om landbruksunntaket slår inn, normalt skal avhenge av ei eksakt utrekning basert på tal som mellom anna hentast frå skjema som fyllast ut i andre samanhenger, trengst ei nærare eksakt definisjon av visse omgrep som nyttast i § 4 første ledd. I utkastet § 4 fjerde ledd definerast mellom anna slike omgrep.

Utkastet § 4 fjerde ledd bokstav a definerar ”fulldyrka jord” som er nytta i første ledd bokstav a. Definisjonen fell heilt saman med definisjonen i forskrift 8. desember 2003 nr. 1434 om konsesjonsfrihet for visse erverv av fast eiendom, egenerklæring ved konsesjonsfrihet og om fulldyrket jord § 5 første ledd som fastset kva som er ”fulldyrket jord” etter lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 4 første ledd nr. 4.

Utkastet § 4 fjerde ledd bokstav b fastset kva som er grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk” etter første ledd bokstav b og d. Ei nærare definisjon av dette er påkrevd dersom regelen presist skal fange inn heile næringsverksemda, der festetomta er knytt til ein landbrukseigedom som inngår i noko meir enn eit tradisjonelt familiebruk som drivast av grunneigaren berre på eigen grunn som enkeltmannsføretak.

I føresegna nyttast terminologien ”grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem”. Denne terminologien nyttast ei rekkje stader i utkastet § 4, utan at forskrifta definerar dette nærare. I denne samanhengen vil departementet nemne at ein ”grunneigar” kan vere både ein fysisk og ein juridisk person. Dersom grunneigaren er ein fysisk person, blir ektefelle- og husstandsmedlem-tillegget aktuelt. Med eit husstandsmedlem meiner departementet ein som reint faktisk bur fast saman med grunneigaren, i same husstand. Denne kan vere av same eller motsett kjøn og vere i slekt eller familie med grunneigaren eller ikkje. Også heimebuande barn eller foreldre er medrekna. Departementet legg til grunn at når ein skal vurdere den samla næringsverksemda knytt til eigedomen ‑ med den grunngjevinga som landbruksunntaket har ‑ må ein trekkje inn heile husstanden i vurderinga. Departementet vil nemne at hvis ein ikkje trekkjer inn heile husstanden, vil landbruksunntaket ikkje slå inn der grunneigaren er passiv – til dømes på grunn av sjukdom ‑ mens næringa blir driven fullt ut av eit husstandsmedlem. Utan at ein trekkjer inn heile husstanden, opnar ein også for lett for reine tilpassingar til regelverket frå bortfestarsida.

Til grunneigaren og/eller ein eventuell ektefelle eller eit husstandsmedlem sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk” skal ein etter bokstav b rekne med fleire ulike høve:

For det første skal ein trekkje inn under dette også jord som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk på andre eigedomar enn den festetomtene høyrer til i tingsrettsleg forstand. I tingsrettsleg forstand høyrer festetomtene til den landbrukseigedomen som dei ligg på, der festetomta ligg på same bruksnummer som landbrukseigedomen. Festetomter med eige bruksnummer høyrer til den landbrukseigedomen som dei er utskilde frå. Under grunneigaren mv. sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk”, fell også andre landbrukseigedomar eller jordstykke som grunneigaren mv. brukar. Leigd tilleggsjord skal til dømes trekkjast inn under grunneigaren mv. sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk”. Det kan også vere at grunneigaren mv. eig fleire landbrukseigedomar enn ein, og bruken av alle eigedomane fell då inn under det ”samla jord-, skog- eller hagebruk”.

For det andre skal ein trekkje inn under dette også drift av eigen landbrukseigedom, sjølv om denne inngår i verksemda til ein samanslutning som driv jord-, skog- eller hagebruk, åleine eller saman med annan næring. Dette skal gjerast dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har del i dette føretaket. Dette dekkjer inn mellom anna tilhøve der fleire gardbrukarar går saman om drifta av fleire gardsbruk, organiserer dette i til dømes aksjeselskap eller ansvarleg selskap, og hentar ut inntekt som utbytte eller løn (for seg, ektefelle og husstandsmedlem) frå føretaket. Når dette er tilfellet, skal arbeid som blir gjort i føretaket, reknast med som ein del av deira samla jord-, skog eller hagebruk.

Alt i alt fell ei rad tenkjelege kombinasjonar av ulike eigarhøve, leigehøve og organisasjonsmåtar for ei landbruksverksemd inn under den samla jord-, skog- eller hagebruk som er relevant i ulike samanhenger etter utkastet § 4, særleg når dette også blir sett i samanheng med orda ”grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem”, og at grunneigaren kan vere ein fysisk eller juridisk person. Ordlyden rekk såleis vidare enn til berre å gjelde eksempla som er gitt her.

Om det er sameigetilhøve på grunneigarsida, kan ulike særspørsmål komme opp. Dette er ikkje nærare regulert i dag, og det trengst truleg ikkje nærare regulering for dette. Ofte kan sameigaren vere ektefellen eller eit anna husstandsmedlem som sjølv er med i drifta av garden, eller gardsdrifta vil vere nedlagt eller jorda bortleigd slik at landbruksunntaket berre blir aktuelt innanfor ramma av utkastet § 4 andre ledd. Om ein sameigar og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem er aktivt med i landbruksdrifta som er knytt til eigedomen, medan dei andre er passive sameigarar, må følgjande leggjast til grunn i høve til vilkåra i første ledd: Etter bokstav a ser ein på den totale eigedomen, her har det ikkje noko å seie at eigedomen er eigd i sameige. Etter bokstav b vil tilhøvet for den aktive husstanden vere avgjerande. Etter bokstav c vil berre den delen av festeinntektene som går til den aktive husstanden vere med i vurderinga. Etter bokstav d gjeld det same som for bokstav b og c: Inntekta frå festetomtene er den delen av inntektene som går til den aktive husstanden, og det vurderast om desse oppfyller 10 %-kravet i høve til nettoinntekta frå det samla jord-, skog- eller hagebruk som går til den aktive husstanden. Hvis vilkåra for landbruksunntaket etter dette er oppfylt, får festaren ikkje krav på innløysing i høve til nokon av sameigarane, heller ikkje i høve til dei passive.

Om festetomtene ligg i utmark som ligg i sameige mellom fleire bruk, må innløysing kunne nektast om vilkåra for landbruksunntaket er oppfylte i høve til minst eit av hovudbruka. Ved vurderinga etter utkastet § 4 første ledd bokstav c og d må ein i høve til kvart einskild hovudbruk då berre rekne med brukaren sin del av festeinntekta frå utmarkssameiget. Dersom det ligg festetomter til sjølve hovudbruket i tillegg, må inntektene frå dei ulike festetomtene leggjast saman ved vurdering etter bokstav c og d (inntekta frå festetomter som ligg til hovudbruket direkte leggjast saman med andelen av inntekt frå festetomter som ligg til utmarkssameiget).

Utkastet § 4 fjerde ledd bokstav c definerer ”inntekta frå festetomtane” når ein skal finne denne etter første ledd bokstav c og d. Om ein ut frå ønskjet om ein eksakt regel skal fastsetje eitt bestemt år som avgjerande for kva som reknast som ”inntekta frå festetomtane”, bør dette bli det seinaste kalenderåret ein kan leggje til grunn noko – som oftast ‑ heilt sikkert om. Regelen bør i praksis relatere seg til når festaren seinast kan setje fram sitt innløysingskrav, sjå tomtefestelova § 36 første ledd. Ein slik dato kan falle når som helst i løpet av eit år, men i mange festehøve er festekontrakten rekna frå 1. januar eit år. Hvis innløysingstida til dømes er inne 1. januar 2010, må festaren setje fram innløysingskravet ovanfor bortfestaren seinast 31. desember 2008 etter lova § 36 første ledd første punktum. Her bør det siste året – altså 2008 ‑ vere avgjerande ved vurderinga av om landbruksunntaket slår inn. Eit anna eksempel: Hvis innløysingstida er inne 27. august 2014, må festaren setje fram innløysingskravet ovanfor bortfestaren seinast 26.august 2013 etter lova § 36 første ledd første punktum. Her vil det relevante året etter bokstav c bli 2013. I praksis vil det vere råd å rekne ut nøyaktig inntekta frå festetomtene når ein er i året, medan dette ikkje gjeld for omsetnaden eller inntekta meir generelt.

Utkastet § 4 fjerde ledd bokstav d definerer ”dei fem føregåande åra” når ein skal finne nettoinntekta etter første ledd bokstav d. Om ein ut frå ønskjet om ein eksakt regel skal fastsetje ein periode – som hensiktsmessig kan setjast til fem år ‑ som avgjerande for vurderinga av landbruksunntaket, bør denne i praksis relatere seg til når festaren seinast kan setje fram innløysingskravet, sjå tomtefestelova § 36 første ledd. Hvis innløysingstida til dømes er inne 1. januar 2010, må festaren setje fram innløysingskravet ovanfor bortfestaren seinast 31. desember 2008 etter lova § 36 første ledd første punktum. I dette eksemplet vil det vere ønskjeleg at dei relevante fem åra blir 2004, 2005, 2006, 2007 og 2008. Noko ut på våren 2009 vil tala frå det siste rekneskapsåret – 2008 ‑ vere klåre, og dette bør ein då ta med i vurderinga av om festaren den 1. januar 2010 får innløysing etter § 32 eller lenging etter § 33, jf. § 7. Hvis innløysingstida er inne 27. august 2014, må festaren setje fram innløysingskravet ovanfor bortfestaren seinast 26. august 2013 etter lova § 36 første ledd første punktum. I dette eksempelet vil etter forskriftutkastet § 4 fjerde ledd bokstav d dei relevante fem åra bli 2008, 2009, 2010, 2011 og 2012.

Utkastet § 4 fjerde ledd bokstav e definerer ”nettoinntekta” etter første ledd bokstav d for dei tilfella der nokon i den relevante personkretsen etter første ledd bokstav d leverar næringsoppgåve med tilleggsskjema for næringsdrivande innanfor jordbruk/gartneri, skogbruk, reindrift, pelsdyrnæring og skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark (RF-1177, fastsett av Skattedirektoratet etter Finansdepartementets delegeringsvedtak med heimel i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 4-4 nr. 7). Det er kome klåre ønskje til departementet om meir eksakte reglar for berekning av nettoinntekta, og då ønskje om at denne skal kunne trekkjast direkte ut av oppgåver som gardbrukaren elles fyller ut. Dei fleste som vil vere omfatta av landbruksunntaket vil i praksis levere ”næringsoppgåve 1” med dette tilleggsskjemaet. Andre vil levere ”næringsoppgåve 2”, som til dels opererer med andre poster enn i ”næringsoppgåve 1”. Men likevel skal etter ”Spesiell rettleiing til Næringsoppgåve 1, RF-1175, og tilleggsskjema, RF-1177” (RF-1178N), næringsdrivande ”innanfor primærnæringane som er fullt rekneskapspliktige og leverer Næringsoppgåve 2”, ”bruke tilleggsskjema RF-1177 (som enno ikkje er tilpassa Næringsoppgåve 2) så langt det passar, og leggje ved det”. Det aktuelle tilleggskjemaet brukast derfor både for dei som leverer næringsoppgåve 1 og næringsoppgåve 2. Post 319 gir driftsresultatet for skogbruk. Post 418 gir driftsresultatet for jordbruk/gartneri/pelsdyr. Desse to postane samanlagt vil gi nettoinntekta frå ”jord-, skog- og hagebruk” i tomtefesteforskrifta § 4 sin forstand etter forskriftsutkastet. Festeinntektene vil her ikkje vere medrekna, jf. merknad foran til utkastet § 4 første ledd bokstav d.

Næringsoppgåva kan vere fylt ut av ein person som driv sin eigen verksemd, eller den kan vere fylt ut av eit anna føretak, jf. om ulike føretakstilhøve i kommentaren foran til utkastet § 4 fjerde ledd bokstav b. Grunneigaren vil kunne vere både ein fysisk og juridisk person. Dei ulike kombinasjonane som kan vere aktuelle blir dekte opp ved utkastet § 4 fjerde ledd bokstav e i dei to første strekpunkta.

Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har andel i eit føretak etter andre strekpunkt, vil det vere deira andel av summen av driftsresultatet etter post 319 og post 418 som er nettoinntekta. Deira ”andel av summen av driftsresultat” må setjast likt med korleis overskot eller utbytte skal fordelast mellom deltakarane i føretaket. I aksjeselskap vil dette normalt vere likt med eigarandelane i selskapet. I ansvarlege selskap skal etter lov 21. juni 1985 nr. 83 om ansvarlege selskaper og kommandittselskaper (selskapsloven) § 2-25 første ledd første punktum, overskudd og underskudd delast likt mellom deltakarane. Dette blir avgjerande i slike høve, dersom anna ikkje er avtalt mellom deltakarane, jf. lova § 1-4.

Bruttoløna som grunneigaren, ektefellen eller eit husstandsmedlem får for å arbeide i det samla jord-, skog- eller hagebruk som er omfatta av næringsoppgåva, skal etter utkastet medreknast i nettoinntekta, anten denne kjem frå ein personleg næringsdrivande eller eit føretak. Årsaka til dette er at ein ser husstanden under eitt ved vurderinga av landbruksunntaket, og at resultatet etter § 4 ikkje skal avhenge av korleis ein deler den reelle samla nettoinntekta ‑ som landbruksdrifta gir ‑ mellom uttak av løn eller mellom uttak av utbytte mv.

Hvis det blir levert fleire næringsoppgåver med tilleggsskjema i samband med grunneigaren og/eller ein ektefelle eller husstandsmedlem sitt samla jord-, skog- eller hagebruk, må ein leggje saman dei relevante tala frå kvart tilhøve. Dette går fram i fjerde ledd bokstav e tredje strekpunkt.

Inngår landbrukseigedomen i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, skal etter utkastet eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen inngå i ”nettoinntekta” etter forskrifta § 4, dersom ikkje leigeinntektene allereie er tatt med i ein næringsoppgåve frå grunneigaren. I tilhøve der landbrukseigedomen inngår i verksemda til eit føretak som nemnd, vil det truleg nokre gonger vere eit slikt leigehøve attåt føretakshøvet, andre gonger ikkje. Dersom det ligg føre eit slikt leigehøve, må nettoinntektene dette gir rimelegvis sjåast som ein del av ”nettoinntekta” etter forskrifta § 4. Det er leigeinntekter for den faste eigedomen som festetomtane høyrer til dette gjeld, ikkje leigeinntekter for lausøyre eller for andre faste eigedomer. Regelen om dette kjem fram i fjerde ledd bokstav e fjerde strekpunkt.

6. Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringsforslaget vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for offentleg forvaltning eller domstolane. Det offentlege er ikkje i partsposisjon i desse sakene, om ikkje eit organ heilt unntaksvis står i festarposisjon i samband med ei velferdsordning for dei tilsette. Endringsforslaget vil venteleg gi innløysingsrett for festarane i færre tilfeller enn om dagens landbruksunntak blir lagt til grunn. Men festaren vil få rett til eit vidare tidsuavgrensa feste på same vilkår som før. For grunneigarar som driv landbruksverksemd, legg departementet til grunn at ei slik endring vil sikre næringsgrunnlaget betre enn etter gjeldande regler. Dette vil også kunne tryggje busetjinga i særleg sårbare område.

Det er vanskeleg å talfeste nærare korleis ei eventuell endring vil slå ut. I Ot.prp. nr. 41 (2003-2004) har departementet vurdert det slik at det er om lag 300 000 husstandar i Noreg som festar tomt til bustad- eller fritidshus. Av dette reknar departementet at minst om lag 150 000 gjeld bustadhus, og minst om lag 100 000 gjeld fritidshus. Forskriftsendringa her gjeld berre for fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom. I proposisjonen vedlegg 2 går det fram at Norges Skogeierforbund/NORSKOG/Norges Bondelag har innrapportert eit tal på festekontraktar til fritidshus på 17 114. Departementet reknar med at dette talet kan vere lågare enn det samla talet fritidsfestetomter som høyrer til landbrukseigedomar, men kan vanskeleg seie noko meir sikkert om dette. Allereie etter den vedtekne § 4, sjå punkt 2 foran, vil landbruksunntaket slå inn for ein del festeeigedomar. Og utkastet til endra § 4 vil ikkje hindre innløysing for alle fritidsfestetomter som høyrer til ein landbrukseigedom. Men departementet har ikkje taloppgåver som kan seie noko meir sikkert om talet på festekontraktar som vil få resultatet i høve til landbruksunntaket endra som følgje av ei forskriftsendring etter framlegget her.

7. Utkast til forskrift

Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

I

I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir det gjort følgjande endring:

§ 4 skal lyde:

§ 4. (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette gjeld likevel berre dersom

a) eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, og

b) eigedomen utgjer heile eller ein del av grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem sitt aktive samla jord-, skog- eller hagebruk, og

c) inntekta frå festetomtene til saman utgjer meir enn 15 000 kroner årleg, og

d) inntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til den gjennomsnittlege årlege nettoinntekta som grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har hatt frå sitt samla jord-, skog- eller hagebruk dei fem føregåande åra.

Hvis drifta er nedlagt eller jorda er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, men det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått 5 år frå drifta blei nedlagt eller jorda blei leigt bort, gjeld følgjande særreglar: Nettoinntekta etter bokstav d skal reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den saman med eventuelt leigd tilleggsareal, ut frå dei fem seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for. Bokstav b gjeld ikkje i desse tilfella.

Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.

I høve til første ledd gjeld følgjande definisjonar:

a) Som ”fulldyrka jord” etter første ledd bokstav a reknast jord som er dyrka til vanleg pløyedybde og som kan nyttast til åkervekstar eller eng som kan fornyast ved pløying. Definisjonane som ligg til grunn for økonomisk kartverk skal leggjast til grunn ved avgrensinga.

b) Som grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem sitt ”samla jord-, skog- eller hagebruk” etter første ledd bokstav b og d medreknast også slik bruk av andre eigedomar enn den festetomtene høyrer til. Vidare medreknast deira partshøve i føretak som driv jord-, skog- eller hagebruk, dersom drifta av eigen landbrukseigedom inngår i føretakets verksemd. Har grunneigaren og/eller ein ektefelle eller eit husstandsmedlem eit slik partshøve i eit føretak, medreknast også deira arbeid i føretaket.

c) Som ”inntekta frå festetomtene” etter første ledd bokstav c og d reknast inntekta det kalenderåret då festaren seinast kan setje fram innløysingskravet.

d) Som ”dei fem føregåande åra” etter første ledd bokstav d reknast dei fem siste rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet.

e) ”Nettoinntekta” etter første ledd bokstav d fastsetjast slik i nemnde høve:

  • Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har levert næringsoppgåve med tilleggsskjema for næringsdrivande innanfor jordbruk/gartneri, skogbruk, reindrift, pelsdyrnæring og skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark (RF-1177, fastsett av Skattedirektoratet etter Finansdepartementets delegeringsvedtak med heimel i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) § 4-4 nr. 7), er nettoinntekta summen av driftsresultat for skogbruk og for jordbruk/gartneri/pelsdyr (post 319 pluss post 418).
  • Får grunneigaren, ektefellen eller eit husstandsmedlem løn for å arbeide i det samla jord-, skog- eller hagebruk som er omfatta av næringsoppgåva, blir bruttoløna medrekna i nettoinntekta.
  • Dersom drifta av grunneigaren sin landbrukseigedom har inngått i verksemda til eit føretak, som grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem hadde part i, og føretaket har levert næringsoppgåve med tilleggsskjema som nemnd i førre strekpunkt, er nettoinntekta deira andel av summen av føretaket sitt driftsresultat for skogbruk og for jordbruk/gartneri/pelsdyr (post 319 pluss post 418).
  • Får grunneigaren, ektefellen eller eit husstandsmedlem løn for å arbeide i det samla jord-, skog- eller hagebruk som er omfatta av næringsoppgåva, blir bruttoløna medrekna i nettoinntekta.
  • Dersom det er levert fleire næringsoppgåver med tilleggsskjema som fell inn under første og andre strekpunkt, skal nettoinntektene summerast (postane 319 pluss 418 pluss bruttoløn).
  • Dersom landbrukseigedomen har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren, reknast med i nettoinntekta, dersom ikkje leigeinntektene allereie inngår i ein næringsoppgåve frå grunneigaren.

II

Forskrifta trer i kraft straks.

Med helsing

Inge Lorange Backer
ekspedisjonssjef e.f.

Atle Torvund
lovrådgiver