Høringsbrev

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

2005/01753

28. oktober 2005

Høyring - Ny forskrift om skogfond mv.

Departementet sender med dette eit utkast til ny forskrift om skogfond på høyring.

Den nye lova om skogbruk (skogbrukslova), som blei fastsett 27. mai 2005, skal tre i kraft frå 1. januar 2006. I §§ 14-16 er det gitt føresegner om skogfond mv., som kjem i staden for føresegnene om skogavgift mv. i den gjeldande skogbrukslova. Det er derfor nødvendig å lage nye utfyllande reglar på dette området.

Høyringsutkastet inneber at ein framover berre skal ha ei forskrift om skogfond, medan det etter gjeldande skogbrukslov er 5 forskrifter knytt til skogavgift og rentemidlane av inneståande skogavgift. Høyringsutkastet er slik sett eit forenklingstiltak. Satsane for innbetaling til skogfond vil såleis etter dette gå fram av den samla forskrifta og ikkje bli fastsett kvart år. Reglane er elles òg noko nedkorta, og justert i høve til gjeldande praksis og nye system for kontoføring.

Departementet opnar for at ein skogeigar innafor same kalenderår skal kunne auke satsen for innbetalinga av skogfond også etter at avsetjinga er registrert og berekna. Dette er nytt i høve til tidlegare.

Departementet har satt fristen for innspel frå høyringsinstansane til 12. desember 2005

Med helsing (e.f.)

Ellen Hambro
ekspedisjonssjef

Ivar Ekanger
avdelingsdirektør