Høringsbrev

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

200501584-6

16.12.2005

Utkast til endring i forskrift om handel med brukte og kasserte ting

Nærings- og handelsdepartementet sender med dette forslag til endringar i forskrift om handel med brukte og kasserte ting på høyring.

Hovudinnhaldet i endringsforslaget er å leggje til rette for eit betre regelverk for gjenvinningsverksemder. Departementet legg opp til endringar i kravet til protokollføring og oppbevaringstida på 14 dagar for gjenvinningsverksemder, slik at desse krava berre gjelde ved mottak og sal av edle metall.

Det vert òg gjort framlegg om nokre endringar som vil gjelde all brukthandelverksemd, ikkje berre for gjenvinningsverksemder. Departementet foreslår mellom anna at brukthandelløyve vert tidsavgrensa til 4 år, at ei verksemd kan stengjast med ein gong ved grove brot og at det i alle tilfelle må leggjast ved legitimasjon ved sal til brukt­handlar. Det vert og foreslått forenklingar i løyvesøknadsprosessen for dei tilfella eit selskap driv verksemd i fleire politidistrikt.

Frist for høyringssvar er 16. mars 2006. I tillegg til vanlig post er det ønskjeleg at høyringssvara også vert sende på e-post til gbs@nhd.dep.no. Departementet tek sikte på at endringane kan setjast i verk frå 1. juli 2006, men ønskjer synspunkt frå høyringsinstansane om dette er eit hensiktsmessig tidspunkt.

Eventuelle spørsmål knytt til endringsforslaga kan rettast til seniorrådgjevar
Geir Bj. Sætre på tlf. 22 24 66 84.

Med hilsen

Ida Skard (e.f.)
ekspedisjonssjef

Geir Bj. Sætre
seniorrådgiver