Høringsnotat – Endringer i lov om trudomssamfunn og ymist anna og endringer i lov om tilskot til livssynssamfunn

Forslag til lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og

I

I lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna vert det gjort følgjande endringar:

Ny § 19 b): Ved krav om tilskot etter §§ 19 og 19 a) kan departementet stilla krav om innrapportering av fødsels- og kommunenummer for kvar einskild medlem, og organisasjonsnummer for trudomssamfunnet. Desse opplysningane vil verta jamførte med Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregistret til Den norske kyrkja.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Forslag til lov om endringar i lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskot til livssynssamfunn

I

I lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskot til livssynssamfunn vert det gjort følgjande endringar:

§ 5 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Departementet kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemsskap, og om attest frå advokat/revisor. Departementet kan stille krav om innrapportering av fødsels- og kommunenummer for kvar einskild medlem, og organisasjonsnummer for livssynssamfunnet. Desse opplysningane vil bli jamførte med Det sentrale folkeregisteret, andre trudoms- og livssynssamfunn og medlemsregisteret til Den norske kyrkja.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.