Høringsnotat

Regjeringa tek i løpet av 2007 sikte på å presentere ein handlingsplan for fornying. Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) har starta arbeidet med denne. Vi går no breitt ut til etatar, verksemder, organisasjonar og nokre kommunar for å få innspel som kan nyttast i handlingsplanen.

Utgangspunkt for fornyingsarbeidet
Regjeringa sine overordna mål for fornyinga av offentleg sektor er å gjere oss betre i stand til å styrkje og utvikle velferdssamfunnet vidare innanfor forsvarlege økonomiske og miljømessige rammer. For å nå dei ambisiøse måla innanfor rammene av handlingsregelen og omsynet til eldrebølgja”, må vi mellom anna gjennom omstilling finne effektive løysingar som gjer at vi kan gi eit betre tilbod. Det er ikkje eit alternativ å droppe omstilling. Kan vi løyse oppgåvene i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon ein prosent meir effektivt kvart år utan å svekkje kvaliteten, vil vi etter fire år ha omtrent 15 milliardar kronar ekstra handlingsrom årleg til prioriterte føremål.

I fornyingsarbeidet vil regjeringa leggje særleg vekt på:

  • Brukarretting: organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov, og gjere det enkelt for innbyggjarar og næringsliv å vere i kontakt med det offentlege
  • Openheit: arbeide aktivt for å gi folk flest betre kunnskap om og innsikt i offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat
  • Effektivisering: løyse fellesskapsoppgåver meir effektivt for å frigjere ressursar til prioriterte oppgåver
  • Kvalitet: sikre at det offentlege tilbodet har høg kvalitet, og at dette kan målast og fylgjast opp systematisk
  • Medverknad: leggje opp til brei og konstruktiv medverknad frå brukarane, tilsette og organisasjonane deira

Arbeidet tek utgangspunkt i Soria Moria-erklæringa. Erklæringa uttrykkjer grunnprinsipp for arbeidet. Den presenterer regjeringa sin visjon meir enn den spesifiserer konkrete tiltak. Handlingsplanen for fornying skal presisere måla, konkretisere arbeidsmåtane og gi ei oversikt over prioriterte tiltak for dei nærmaste åra. Planen vil omtale større prosjekt som har vore sette i verk tidlegare, til dømes Ny arbeids og velferdsforvaltning (NAV), modernisering av Forsvaret og nytt regionalnivå frå 2010. Det viktigaste vil likevel vere nye initiativ og tiltak. Hovudføremålet med dette brevet er å få innspel til slike.

Innspela
Vi ønskjer innspel både i form av idéar/skisser og lengre, meir gjennomarbeidde, forslag. Føremålet med dugnaden er å oppmode til idéar og forslag som ikkje kjem fram på andre måtar. Med andre ord er vi hovudsakseleg ute etter forslag som ikkje kjem fram i dei ordinære og meir formelle prosessane, som budsjettarbeid, planar for verksemda og liknande.

Vi ønskjer ikkje å leggje for mange føringar. Fyrst og fremst er vi ute etter forslag innanfor dei einskilde mottakarane sitt fagområde, men vi er også opne for innspel på område som ligg utanfor dette. Vi har ei open haldning til struktureringa av innspela, men foreslår følgjande disposisjon som eit utgangspunkt:

  1. Kort om status
    • Kva er dei viktigaste problema slik dykk opplever situasjonen?
  1. Mål og prioriteringar
    • Kva er viktigast?
    • Kva er mindre viktig?
  1. Tiltak og reformer
    • Kva tiltak bør setjast i verk - gjerne i 5-10 års-perspektiv
    • Eventuelt: på kva område bør det setjast i verk forbetringsarbeid (utan at forslaga til løysing nødvendigvis er klare).
  1. Gode døme
    • Kva gjennomførte tiltak bør trekkjast fram som døme på vellukka fornying, som inspirasjon for andre?

Mogelege område (ikkje uttømmande):

- Møtet med staten

  • Brukarretting - korleis kan innbyggjarane og næringslivet sitt forhold til det offentlege gjerast betre?
  • Effektivisering - korleis kan vi redusere ressursbruken på nokre område for å flytte frigjorde ressursar til område der behovet er større?
  • Tilgjengeleggjering - kva er viktig for innbyggjarane å få tilgang til? Korleis kan det gjerast (til dømes: opningstider, teknologi, openheit) ?
  • Brukarmedverknad - er meir aktive brukarar/innbyggjarar føremålstenleg/ønskjelege?
  • Bruk av teknologi

- Internt i staten

  • Rutinar, prosedyrar og regelverk i den einskilde etaten eller departementet
  • Forholdet mellom etatar på same nivå
  • Forholdet mellom etatar på forskjellige nivå
  • Forholdet mellom kommunar og statlege etatar
  • Prinsipp for statleg forvaltning
    • Saksbehandling
    • Informasjonsdeling
    • Tilgjengelegheit
    • Samordning
    • Bruk av teknologi

Fordi tilgangen til ressursar er knapp, vil tiltak som gir direkte til innsparingar eller medfører små utgifter ha størst moglegheiter til å bli realisert.

Avgrensing
Fornyingsarbeidet vil i hovudsak omfatte offentleg tenesteproduksjon samt næringslivet sine og innbyggjarane sin møte med det offentlege meir generelt.

Kommunesektoren er eit sjølvstendig politisk forvaltningsnivå, og har ansvar for sitt eige fornyingsarbeid. Likevel vil det vere interessant med innspel om kommunale løysingar som har vist seg vellukka og som kan overførast til staten. Gode idéar kan brukast fleire stader i offentleg sektor, og vi samarbeider nært med Kommunal- og regionaldepartementet for å sikre at innspela kjem til nytte. På same måte har vi også nær kontakt med Nærings- og handelsdepartementet om fornying til beste for næringslivet.

Vidare oppfølging
Alle innspel vil bli vurderte for oppfølging som ein del av regjeringa sin handlingsplan for fornying. Det vil kunne vere aktuelt med oppfølgjande møte for å diskutere innhaldet i breva. Vi ber om forståing for at vi ikkje alltid vil ha høve til å gi tilbakemeldingar om regjeringa si vurdering av dei einskilde forslaga i breva utanom det som eventuelt vil kome fram som ein del av handlingsplanen.

Innsending av bidrag
Statlege verksemder oppfordrast til å sende kopi til overordna departement, og kommunar å sende kopi til Kommunal- og regionaldepartementet. Paraplyorganisasjonar og liknande verksemder kan gjerne vidaresende invitasjonen og oppmode til innspel frå tilknytte organisasjonar. Organisasjonar eller verksemder som ikkje står på adresselista vil også kunne kome med innspel. Desse innspela vil i tilfelle bli handtert på lik linje med dei andre.

Vi ber om at innspel blir sendt på e-post til postmottak@fad.dep.no innan fredag 1. september 2006. Spørsmål kan rettast til Fornyings- og administrasjonsdepartementet v/Erik Aakre (22 24 48 29, erik.aakre@fad.dep.no) eller Tore Bredal (22 24 49 77, tore.bredal@fad.dep.no)