Historisk arkiv

Askvoll kommune - reguleringsplan for område ved Sandøy (konferansesenter/hytter - strandsone/landskap/friluftsliv)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 28. desember 2005

ASKVOLL KOMMUNE - MOTSEGN TIL REGULERINGSPLAN FOR OMRÅDE VED SANDØY

Vi viser til brev frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane datert 24. juni 2005.

Saka er i medhald av plan- og bygningslova § 27-2, nr. 2 sendt Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd fordi fylkesmannen i Sogn og Fjordane har motsegn til reguleringsplanen for område ved Sandøy i Askvoll kommune .

Miljøverndepartementet tek motsegna frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane til følgje og stadfester dermed ikkje reguleringsplanen for område ved Sandøy. Departementet meiner at lokalisering av eit konferansesenter og 23 tilknytte hytter på dei urørte øyane sør for Sandøy, som ligg eksponert i kystlandskapet lengst ute mot havet, er i strid med ein god og langsiktig strandsoneforvaltning.

Bakgrunn for saka

Konflikten i saka gjeld kommunestyrets planvedtak som opnar for bygging av konferansesenter og 23 tilknytte hytter på øyområda sør for Sandøy. Planområdet dekker øyane Store Bronkja, Kvaløy og to mindre holmar, dei smale sunda mellom desse og sjøområda rundt. Reguleringsplanen omfattar totalt eit areal på om lag 120 daa. Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved miljøvernavdelinga, har i brev av 24. januar 2005 reist motsegn mot reguleringsplanen for område ved Sandøy fordi ein meiner planen er i strid med strandsonevernet etter plan- og bygningslovas § 17-2 og dei mange presiseringar av strandsonevernet som Stortinget og regjeringa har kome med dei seinare åra.

Fylkesmannen peikar og på at planen er i strid med kommuneplanen og gjeldande fylkesdelplan for arealbruk. I fylkesdelplanen heiter det i retningslinene om forvaltning av 100-metersbeltet at ein skal leggje vekt på å "unngå utbygging i ubygde/urørte område og på ubygde/urørte øyar og holmar".

Det går fram av motsegna at reguleringsplanen er i konflikt med strandsonevernet når det gjeld omsynet til friluftsliv, landskap og naturverdiar. Det vises til at den aktuelle utbygginga for ein stor del er planlagt heilt i strandkanten.

Fylkesmannen peiker likevel på at byggeforbodet i 100-metersbeltet ved sjøen ikkje kan handhevast absolutt på eit øysamfunn som Bulandet og viser i den samanheng til at Værlandet, som er knytt saman med Bulandet med veg og bruer, er med i Naturbruks-prosjektet. Prosjektet har som siktemål å utvikle natur- og kulturbasert næringsutvikling i tilknyting til utvalde verneområde.

Fylkesmannen meiner at ei utbygging i tilknyting til eksisterande busetnad og infrastruktur på Sandøya eller eventuelt på sjølve Bulandet, vil vere langt mindre konfliktfylt i høve til strandvernet. Fylkesmannen skriv vidare at det her, med god tilpassing til bygningsmiljø og kulturlandskap, bør vere akseptabelt med bygging nær eller i sjøkanten og at dei urørte øyane og holmane, saman med rikt fugleliv, vil kunne gjerast til eit aktivum i samband med naturbasert reiseliv.

Askvoll kommune vedtok reguleringsplanen for område ved Sandøy 10. juni 2005. Kommunen skriv at det aktuelle området ikkje vert nytta mykje av allmenta som friluftsområde, mellom anna fordi det er vanskeleg farvatn og avgrensa moglegheiter for å gå i land på øyane. Kommunen vurderer difor området som lite konfliktfylt i høve til andre interesser i området og ser på prosjektet som eit godt prosjekt som kan bidra positivt til utviklinga av øysamfunnet Bulandet/Værlandet.

Kommunen er og i tvil om det er rett å definere dei aktuelle øyane og holmane som urørte, og viser til at det har vore landbruksverksemd og bygningar på Store Bronkja i tidlegare tider, heilt fram til 1970-talet.

Kommunen meiner det ikkje ville vore nokon betre tilpassing av prosjektet om hyttene vart trekt tilbake frå strandområda. Bygningsmassens effekt på landskapet ville då blitt kraftig forsterka. Kommunen peiker og på at ei utbygging på sjølve Sandøy eller på andre av dei busette øyane, samla sett, truleg ville vore meir konfliktfylt.

Kommunen ser likevel at ein bør utarbeide eit betre overordna plangrunnlag for området Bulandet-Værlandet, og har starte arbeidet med ein kommunedelplan for området.

Mekling hos fylkesmannen 3. mai 2005 førte ikkje fram.

Fylkesmannen skriv i si oversending til Miljøverndepartementet at bygging i sjøkanten på urørte øyar og holmar, slik planen legg opp til, er så klart i strid med byggeforbodet i 100-metersbeltet at han etter ei samla vurdering vil rå til at departementet tek motsegna til følgje. Fylkesmannen understrekar likevel at han i utgangspunktet ser positivt på initiativ med sikte på næringsutvikling i utprega utkantområde, men at det aktuelle planframlegget i for stor grad strir mot intensjonane bak byggeforbodet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har i brev av 28. september 2005 til Miljøverndepartementet tilrådd at motsegna frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane vert teken til følgje. Direktoratet grunngjev si tilråding ut frå omsynet til strandsoneverdiar, landskap, og friluftsliv. Direktoratet meiner planen er uheldig fordi utbygginga vil redusere tilgjengeleg areal for allmenta på ein uheldig måte. DN meiner at kommunen godt kan innpasse reiselivsanlegg, eventuelt også hytteprosjekt i andre delar av Bulandet/Værlandet, men at dette bør forankrast i overordna plan. Det er difor positivt at kommunen planlegg å starte opp arbeidet med ein kommunedelplan for Bulandet og Værlandet.

Synfaring vart halde 7. september 2005 med representantar frå Askvoll kommune, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet sine vurderingar

Det sentrale spørsmålet i saka er om nasjonale og viktige regionale strandsone-, landskaps- og friluftslivsinteresser vert så negativt påverka av den planlagde utbygginga, at det er grunnlag for å overprøve vedtaket i kommunestyret.

Området som reguleringsplanen omfattar ligg i 100-metersbeltet langs sjøen og er i gjeldande kommuneplan frå 1994 avsett til landbruks-, natur- og friluftsføremål. Planen strir og mot retningslinene om forvalting av 100-metersbeltet i gjeldande fylkesdelplan for arealbruk.

Sjølv om kommunen peiker på at området ikkje er aktivt i bruk til friluftsliv, legg departementet vekt på at ein "bit for bit" utbygging i området - utan forankring i overordna plan, vil vere i konflikt med dei langsiktige friluftslivsinteressene i området.

Dei nasjonale og regionale interessene i strandsona er og knytt til landskapet. Ettersom det er ei omfattande utbygging, med eit betydelig landskapsinngrep, talar og omsynet til landskapet for å gå i mot planforslaget.

Departementet legg vekt på at allmenta sin tilkomst til friluftsområda på øyane må verte sikra. Departementet meiner at dei ytre, mest eksponerte områda av Bulandet må sjåast på som ein viktig del av sjølve attraksjonsverdien til Bulandet. Desse områda bør ikkje byggast ned eller på annan måte reduserast i verdi for reiselivet eller for allmenta.

Miljøverndepartementet meiner på denne bakgrunn at konfliktane med nasjonale interesser er av slikt omfang og karakter at det er grunnlag for å overprøve dei lokale styresmaktene. Departementet tek difor motsegne frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane til følgje og stadfester ikkje reguleringsplanen for område ved Sandøy.

Departementet meiner at kommunen, dersom ein held fast ved planane om eit reiselivsanlegg, må vurdere ulike alternativ i samband med den føreståande kommunedelplanen for Bulandet og Værlandet. I ein slik prosess bør potensialet i eksisterande bygningsmasse og fortetting vurderast. Departementet viser i den samanhang til St.meld. nr. 16 (2004-2005) "Leve med kulturminner", som peiker på at regjeringa vil styrkje arbeidet med kystkultur og utvikling av lokalsamfunn i kystsona.

Vedtak

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn departementet ikkje å kunne stadfeste kommunestyret i Askvoll sitt vedtak i møte den 10. juni 2005 om reguleringsplan for område ved Sandøy.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet .

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Askvoll kommune Sogn og Fjordane fylkeskommune Direktoratet for naturforvaltning Bulandet grendelag
Karl H. Sandøy


Vedlegg:
Saksdokumenta