Erklæring frå EU-formannskapet i høve Rådets vedtak om iverksetjing av Rådets felles posisjon om vidareføring av dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe (05 09.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve Rådets vedtak 2005/592/CFSP av 29. juli 2005 om iverksetjing av Rådets felles posisjon 2004/161/CFSP om vidareføring av dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe (05 09.05)

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, erklærer at dei deler målsetjingane i Rådets vedtak 2005/592/CFSP av 29. juli 2005 om gjennomføring av Rådets felles posisjon 2004/161/CFSP om vidareføring av dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe. Dei vil sørgje for at deira nasjonale politikk er i samsvar med dette vedtaket.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.