Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve folkerøystinga om ein avtale for fred og nasjonal forsoning i Algerie

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve folkerøystinga om ein avtale for fred og nasjonal forsoning i Algerie

Den europeiske unionen seier seg glad for at folket i Algerie har møtt fram og delteke i den nasjonale folkerøystinga om ein avtale for fred og nasjonal forsoning. EU håpar at Algerie på grunnlag av rådføring med folket vil oppnå varig fred og forsoning, basert på rettstryggleik og respekt for menneskerettane, og bli eit velståande og trygt samfunn.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.