Erklæring frå EU-formannskapet i høve pågripinga av to terroristleiarar i Bangladesh (29.03.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve pågripinga av to terroristleiarar i Bangladesh

EU seier seg glad for at styresmaktene i Bangladesh nyleg arresterte to personar som er mistenkte for å vere terroristleiarar, Siddiqul Islam, alias Bangla Bhai, og Abdur Rahman. Dette er ei viktig hending, som viser at Bangladesh engasjerer seg sterkt i kampen mot terrorismen. EU ber styresmaktene sørgje for at desse personane vert stilte for retten på ein open og ryddig måte.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.