Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve presidentvalet i Burundi (23.08.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve presidentvalet i Burundi (23.08.05)

Den europeiske unionen gratulerer Pierre Nkurunziza med sigeren i presidentvalet i Burundi 19. august. Dette valet bør vere eit viktig bidrag til å sikre Burundis framtid som eit demokratisk og stabilt land.

Den europeiske unionen vil gjerne nytte dette høvet til å heidre alle dei som saman har gjort denne valprosessen til ein suksess så langt: den nasjonale valkommisjonen (CENI), ONUB og EUs observatørsendelag, og særleg folket i Burundi, som har møtt så mannsterkt fram for å velje sine nye leiarar.

Den europeiske unionen seier seg glad for president Nkurunzizas fråsegner dei siste dagane, der han lovar at han vil styre Burundi på ein inkluderande måte. Unionen ber alle partar i Burundi om å oppretthalde sitt engasjement for demokratiet og for fredsprosessen i Burundi, og samarbeide på ein konstruktiv måte med den nye regjeringa.

Den europeiske unionen stadfestar si støtte til resten av valprosessen. Unionen vil halde fram med å støtte Burundi i arbeidet med å byggje ei fredeleg, demokratisk og blomstrande framtid, og ser fram til å samarbeide med den nye regjeringa om sentrale spørsmål som utvikling, gjenreising, rettsstell og menneskerettar.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.