Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet i høve skipinga av ny regjering i Albania (15.09.2005)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve skipinga av ny regjering i Albania (15.09.2005)

Den europeiske unionen seier seg glad for at valprosessen i Albania er sluttført, og at han har ført til den første fredelege maktoverføringa sidan kommunismens fall. Unionen gratulerer regjeringa til statsminister Berisha med utnemninga i det nye parlamentet. Unionen oppmodar det nye parlamentet og den nye regjeringa om straks å byrje arbeidet med å fremje Albanias integrasjon i EU og gå inn for eit klart og sterkt reformprogram. Det er nødvendig med konkrete framsteg, særleg når det gjeld å styrkje rettsstaten og gjennomføre valreformer.

EU minner om konklusjonane frå Rådet for generelle saker og eksterne relasjonar 18. juli 2005 og stadfester sin lovnad om å støtte Albanias ambisjon om ei tilnærming til EU, samtidig som Unionen strekar under at det er dei albanske styresmaktene som sit med nøkkelen til vidare framgang. Unionen oppmodar alle politiske krefter i Albania til å samarbeide for å setje fart i denne prosessen.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia* og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.