Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet med oppmoding om forhandlingar for å kome fram til ein humanitær avtale i Colombia (24.02.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen med oppmoding om forhandlingar for å kome fram til ein humanitær avtale i Colombia (24.02.06)

På fireårsdagen for den ulovlege interneringa av Ingrid Betancourt, og etter at ein av FARC-gislane har døydd etter meir enn sju års fangenskap, seier Den europeiske unionen seg svært lei for den tragedien som gislane i Colombia gjennomlever, og som enno ein gong vekkjer det internasjonale samfunnets merksemd og harme.

Den europeiske unionen har fleire gonger og i sterke ordelag fordømt den barbariske og umenneskelege praksisen med å ta gislar, same kor det skjer.

Den europeiske unionen erkjenner behovet for å kome fram til ei humanitær løysing og meiner at desse hendingane strekar under at det hastar med å få i stand ein dialog om ei slik løysing.

Den europeiske unionen har sagt seg glad for og set sitt håp til det forslaget som Spania, Frankrike og Sveits la fram mot slutten av fjoråret, med sikte på å bli einige om ein stad der ein slik dialog kan kome i gang. Den europeiske unionen gir si fulle støtte til dette initiativet, og unionen er glad for å registrere at dei colombianske styresmaktene har reagert positivt på forslaget.

Den europeiske unionen oppmodar alle illegale væpna grupper i Colombia om straks å setje fri alle fangar og avstå frå kidnapping og gisseltaking. Den europeiske unionen ber særleg FARC om å reagere konstruktivt på dette framlegget for å kome fram til ein humanitær avtale.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.