Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Darfur-forhandlingane (04.05.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Darfur-forhandlingane

04.05.06

Den europeiske unionen (EU) rosar Den afrikanske unionen (AU) og dei sudanske partane som forhandlar i Abuja for framgang i forhandlingane om ein fredsavtale for Darfur.

EU seier seg glad for avtaleutkastet som AU har mekla fram, og som etter EUs oppfatning er eit godt grunnlag for ei løysing på konflikten. EU er glad for at den sudanske regjeringa har akseptert dette utkastet. Den europeiske unionen oppmodar SLM/A og JEM om å kome fram til ein endeleg avtale med den sudanske regjeringa på grunnlag av meklingsutkastet, og unngå ytterligare overskridingar av fristen som AU har sett. Å ikkje gjere dette ville vere uansvarleg, med tanke på dei enorme lidingane folket i Darfur gjennomgår. Den parten som står i vegen for ein avtale må ta dei konsekvensane som er skisserte opp i Resolusjon 1591 frå FNs tryggingsråd.

EU vil støtte gjennomføringa av ein avtale inngått i Abuja, mellom anna ved å gi bidrag til ei styrking av Den afrikanske unionens sendelag i Sudan (AMIS), ved å støtte Darfur-Darfur-dialogen, og ved å gi hjelp til gjenreisinga etter at konflikten er over.

EU er svært uroa over dei alvorlege kampane som for tida går føre seg i Darfur, og som står i kontrast til den positive innstillinga som kjem til uttrykk under forhandlingane i Abuja. EU fordømmer igjen på det sterkaste alle brot på våpenkvila, og særleg alle åtak på sivile og på humanitære organisasjonar. Unionen rettar ei sterk oppmoding til regjeringa i Sudan og til leiarane for SLM/A og JEM om å gjere det som er nødvendig for å sikre at våpenkvila frå N'djamena vert respektert fullt og heilt av all styrkar som dei hevdar å ha under sin kontroll, og samarbeide fullt ut med Den afrikanske unionens sendelag i Sudan.

Den europeiske unionen meiner det er viktig at overgangen frå AMIS til ein FN-operasjon i Darfur skjer så raskt som mogeleg. EU er uroa over at regjeringa i Sudan gong på gong har nekta å gi innreiseløyve til FNs planleggingsgruppe, og unionen oppmodar regjeringa til straks å sørgje for at gruppa får kome inn i landet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.