Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Darfur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Darfur

Den europeiske unionen (EU) fordømmer drapa på tre medlemmer av Den afrikanske unionens overvakingsstyrke i Sudan (AMIS) og to sivile entreprenørar frå PAE (Pacific Architects and Engineers) i Darfur 8. oktober. EU-troikaen, som var på vitjing i Sudan på det tidspunktet, tok i skarpe ordelag opp dette med den sudanske regjeringa. Dette er første gongen at nokon frå AMIS har mist livet under utføringa av oppdraget i Sudan, og det understrekar den alvorlege forverringa av tryggingssituasjonen i området. EU sender sine kondolansar til Den afrikanske unionen, regjeringa i Nigeria, PAE og familiane til ofra.

EU er òg svært uroa over bortføringa 9. oktober av 18, seinare 41, medlemmer av AMIS, og ber om at alle dei bortførte straks vert sette fri.

At AMIS-personell vert gjort til mål for slike aksjonar, er heilt uakseptabelt. Soldatane i AMIS arbeider iherdig og under svært vanskelege forhold for å gjere Darfur til eit trygt område igjen. Alle sidene i konflikten må samarbeide med styrken frå Den afrikanske unionen.

EU ventar på den endelege konklusjonen av granskinga som Den afrikanske unionen har sett i verk. Dei som er ansvarlege for desse brutale handlingane må stillast for retten. EU ber difor om at namna på dei som viser seg å vere ansvarlege for ugjerningane vert overleverte til FNs sanksjonskomité, slik at det kan setjast i verk målretta sanksjonar i samsvar med resolusjon 1591frå Tryggingsrådet, og til Den internasjonale straffedomstolen, for vidare etterforsking i samsvar med Tryggingsrådets resolusjon 1593.

Det er svært viktig at den sudanske regjeringa på si side gjer det som er naudsynt for å lette utplasseringa av det utstyret som trengst for å gjere AMIS meir effektiv. Under møtet mellom EUs ministertroika og dei sudanske styresmaktene 8. oktober gjorde delegasjonen frå EU det klart at dei forventa at den sudanske regjeringa ville leggje til rette for utplassering av alle dei 105 panservognene som trengst for å gjere tilhøva tryggare for AMIS-personell og dei sivile i Darfur.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.