Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Etiopia (10.06.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Etiopia (10.06.05)

Den europeiske unionen rosar dei politiske partia og valstyresmaktene for felleserklæringa om valprosessen som vart underteikna 10. juni. Med den semja som er oppnådd, skulle den pågåande valprosessen, også undersøkingane med sikte på å avklare usemja om valresultata, kunne fullførast på ein open måte som alle kan vere tilfreds med.

Den europeiske unionen ser særleg positivt på at dei som underteikna erklæringa forpliktar seg til å gjere alt dei kan for å unngå vald og handlingar som kan oppmuntre til vald, å vise atterhald og å gjere opp seg imellom på fredeleg vis og med lovlege middel. Den europeiske unionen reknar heilt og fullt med at partane etterlever avtalen med dei pliktene han inneber, og at den sørgjelege situasjonen som har oppstått i Addis Abeba dei siste dagane, der menneskeliv har gått tapt, dermed ikkje vil gjenta seg.

Den europeiske unionen ber regjeringa og opposisjonen halde fram med å einast gjennom dialog i samsvar med etiopisk rett og med grunnlova. I samband med dette understrekar Den europeiske unionen at representantar for alle partar må ha høve til å drive si verksemd i eit klima utan skremsler og truslar. Organisasjonen minner òg om den viktige rolla media spelar, særleg dei statskontrollerte media, når det gjeld å sikre at opinionen blir informert på ein sakleg, balansert og pluralistisk måte.

Valobservatørane frå Den europeiske unionen er framleis til stades i felten for å følgje dei siste etappane i valet, som også omfattar undersøkingane av ulike oppfatningar når det gjeld mandatet til observatørane.

Den europeiske unionen vil følgje nøye med på situasjonen i Etiopia, og er som før villig til å yte full støtte til den pågåande prosessen.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia 1Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen., landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.