Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Irans einsidige avgjerd om å ta opp att verksemda ved anlegget for omforming av uran i Isfahan (17.08.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring på vegner av Den europeiske unionen om Irans einsidige avgjerd om å ta opp att verksemda ved anlegget for omforming av uran i Isfahan (17.08.05)

EU er sterkt uroa over at Iran på einsidig grunnlag har teke opp att verksemda ved anlegget for omforming av uran i Isfahan.

Styret i IAEA har fleire gonger bede Iran om å stanse all aktivitet som har med oppriking og reprosessering å gjere, medrekna konversjon, som eit viktig tillitsbyggjande tiltak. Langsiktig bygging av tillit er nødvendig med tanke på Irans mange brot på tryggingsreglar landet har forplikta seg til å overhalde, og manglande vilje til å samarbeide med IAEA over lengre tid.

EU helsar velkomen resolusjonen som styret i IAEA vedtok samrøystes 11. august. Resolusjonen er eit klart og samla signal frå det internasjonale samfunnet til Iran om at landet straks må stanse alle konversjonsaktivitetar.

Full stans er nødvendig dersom ein skal kunne vidareføre dialogen om langsiktige ordningar på grunnlag av Paris-avtalen. EU gjev sin fulle tilslutnad til denne prosessen. EU ber Iran revurdere si avgjerd om å avvise utan diskusjon dei forslaga som Frankrike, Tyskland og Storbritannia har lagt fram med støtte frå EUs høge representant. Desse framlegga stiller i utsikt eit betre tilhøve til EU, på grunnlag av gjensidig samarbeid, mot at det internasjonale samfunnet får objektive garantiar for at Iran berre vil bruke sitt kjernefysiske program til fredelege føremål. Dei gjer det difor klart at ein frå europeisk hald er parat, innanfor ramma av ein samla avtale, til å støtte utviklinga av eit trygt, økonomisk levedyktig og spreiingssikkert sivilt atomprogram i Iran.

Iran står framfor eit viktig val. Døra er open for vidare forhandlingar innanfor den ramma som Paris-avtalen har etablert, dersom landet innstiller alt arbeid med konversjon av uran og på ny forpliktar seg til full stans. EU har eit sterkt håp om at Iran vil velje denne vegen.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.