Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Kviterussland (02.08.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kviterussland (02.08.05)

Den europeiske unionen er svært uroa over den siste utviklinga i Kviterussland, som enda ein gong viser den systematiske og aukande undertrykkinga av sivilsamfunnet, den politiske opposisjonen og dei uavhengige media.

EU fordømmer dei siste aksjonane frå dei kviterussiske styresmaktene si side mot Den polske foreininga i Kviterussland og regjeringa si innblanding i verksemda til denne uavhengige, frivillige organisasjonen. EU meiner at slik innblanding undergrev minoritetane sine rettar, og dette er i strid med dei styringsnormene Kviterussland har forplikta seg til å følgje innanfor ramma av OSSE. EU ber regjeringa i Kviterussland om å slutte å undertrykkje eigne borgarar og sørgje for å føre ein politikk som er i samsvar med det landet har forplikta seg til når det gjeld menneskerettar, inkludert minoritetsrettar.

EU tek òg avstand frå dei nyleg avsagte dommane mot Nikolaj Statkevitsj og Pavel Severinets for deira rolle i organiseringa av demonstrasjonar etter dei mangelfulle vala i oktober 2004, og dommen mot Andrej Klimov for å ha organisert ein demonstrasjon 25. mars 2005. EU meiner desse rettssakene har vore politisk motiverte. EU minner om dei tidlegare erklæringane frå unionen når det gjeld personar som er fengsla av politiske grunnar, og ber igjen om at dei vert sette fri. Ytringsfridommen og retten til å demonstrere er umistelege menneskerettar som EU ber Kviterussland om å respektere. EU seier seg også lei for dei stadig større hindringane uavhengige aviser støyter på når dei prøver å operere fritt, og er uroa over dei store bøtene dei er pålagt å betale.

EU er skuffa over at handlingane til den kviterussiske regjeringa framleis står i vegen for ei utvikling av nærare band mellom EU og Kviterussland, og at dei hindrar at folket i Kvite­russland kan nyte godt av fordelane ved EUs naboskapspolitikk. EU vil halde fram med å følgje utviklinga nøye, og unionen vil heile tida vurdere sin politikk andsynes Kviterussland som svar på desse handlingane.

EU stadfester på nytt sitt permanente engasjement for å hjelpe sivilsamfunnet og folket i Kviterussland i deira arbeid for å skape eit demokratisk og pluralistisk samfunn.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.