Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Somalia (29.11.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Somalia (29.11.05)

Den europeiske unionen (EU) seier seg glad for resolusjonen som parlamentsmedlemmene i Mogadishu gav sin tilslutnad til 15. november, der dei seier seg parate til å delta i samtalar utan å stille førehandsvilkår. Dette framlegget er særleg velkome ettersom det er i samsvar med stats­ministerens initiativ.

EU ønskjer at dette framlegget om dialog vert følgt opp med ein gong og understrekar at fokus for denne dialogen bør vere ein snarleg, vellykka og representativ parlamentssesjon. Om nødvendig er EU reie til å gje hjelp og støtte til prosessen, inkludert økonomisk støtte.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.