Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om Sudan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Sudan

Den europeiske unionen seier seg glad for kunngjeringa 20. september om skipinga av ei nasjonal samlingsregjering. Dette er eit viktig og historisk steg i arbeidet for fred i Sudan. EU rosar både Det nasjonale kongresspartiet og Det sudanske folkets frigjeringsrørsle for motet dei har vist gjennom arbeidet for å få gjennomført den samla fredsavtalen (the Compre­hensive Peace Agreement (CPA)), og er glad for at også andre politiske parti vert representerte i denne regjeringa. EU oppmodar no samlingsregjeringa om straks å gå vidare med andre sider av gjennomføringa av fredsavtalen, mellom anna, og som første steg, opprettinga av evalueringskommisjonen som skal føre tilsyn med denne prosessen.

Den europeiske unionen seier seg òg glad for opninga av førebuingane til neste runde i dei inter-sudanske fredsforhandlingane om Darfur, under leiing av Den afrikanske unionen, i Abuja 15. september 2005. EU oppmodar alle partar om å delta i dei føreståande forhandlingane utan å stille førehandsvilkår, og forhandle fleksibelt og i god tru for å oppnå ein rettferdig og varig fredsavtale så snart råd er.

EU uttrykkjer òg sterk uro over rapportar den siste tida om alvorlege samanstøytar i Darfur, der medlemmer av dei væpna rørslene, regjeringa i Sudan og arabiske militsar skal ha vore innblanda, mellom anna no nyleg i dei austlege skråningane av Jebel Marra og i Sheiria i det sørlege Darfur. EU oppmodar alle dei stridande partane om straks å få kontroll på sine krigarar og sørgje for at styrkane deira respekterer folkeretten, våpenkvileavtalen frå N'djamena og Abuja-protokollane. Alle dei involverte partane har eit ansvar for å medverke til ei fredeleg løysing på konflikten, og alle forsøk på å underminere fredsprosessen i Abuja er uakseptable. EU ser fram til ein snarleg konklusjon på granskinga AMIS gjennomfører av desse siste hendingane.

På bakgrunn av dei siste rapportane frå FNs generalsekretær fordømmer EU òg den sterke auken i tilfelle av bortføringar, trakassering, utpressing og plyndring, og konstaterer at slike handlingar har ein alvorleg negativ effekt på dei livsviktige leveransane av humanitær hjelp. EU oppmodar difor alle sider i konflikten, og særleg SLM/A, om å halde krigarane sine under kontroll, og forsikre seg om at styrkane deira respekterer folkeretten.

EU stadfester på nytt sitt engasjement for å finne ei løysing på alle konfliktane i landet, mellom dei konflikten i Darfur, for å få gjennomført den samla fredsavtalen og for å skape eit fredeleg, velståande og demokratisk Sudan.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.