Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om andre omgang av presidentvalet i Benin (21.03.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om andre omgang av presidentvalet i Benin (21.03.06)

Etter at forfatningsdomstolen 15. mars hadde kunngjort resultatet av første runde av presidentvalet, vart andre runde av valprosessen gjennomført søndag 19. mars 2006.

På grunn av tidspunktet som var fastsett for andre runde, måtte den uavhengige nasjonale valkommisjonen, som det er grunn til å rose for handlekraft og godt arbeid, organisere valet i løpet av svært kort tid. Men ei brei mobilisering av alle politiske krefter og sivilsamfunnet gjorde at vanskane kunne overvinnast, og at det kunne gjennomførast ei fri og demokratisk avrøysting. Veljarane kunne såleis gi klart uttrykk for kva dei ønskte. Gjennom ei avrøysting som var prega av ro og høvisk framferd har Benins befolkning for andre gong på to veker vist stor politisk mognad og ein djup respekt for demokratiet.

Når den nye statssjefen vert innsett 6. april 2006, startar eit nytt kapittel i Benins historie. Men utfordringane dei nye leiarane står overfor, er enorme.

Den europeiske unionen ser med tillit fram til kunngjeringa av resultatet frå andre runde av dette presidentvalet, og unionen stadfester på nytt si støtte til folket i Benin og dei nye leiarane i denne nye fasen i landets utvikling.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.