Erklæring frå EU-formannskapet om åtaka på demonstrasjonar i Zimbabwe

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om åtaka på demonstrasjonar i Zimbabwe

22.09.06

Den europeiske unionen held eit vake auge med menneskerettssituasjonen i Zimbabwe, og unionen er sterkt uroa over dei siste brota på menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane.

Den 13. september organiserte Zimbabwes fagforeiningsråd (Zimbabwe Council of Trade Unions (ZCTU)) ein demonstrasjon for å uttrykkje si uro over situasjonen for arbeidarane i Zimbabwe. Regjeringa i Zimbabwe svarte med å arrestere formannen og generalsekretæren i ZCTU. I tillegg arresterte regjeringa over heile landet personar som hadde planlagt å delta i desse demonstrasjonane. Det vart i mange tilfelle nytta grov vald som førte til alvorlege skadar, også etter at personane var arresterte.

Den europeiske unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Zimbabwe om å slutte med terrorisering og valdsbruk og respektere menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane til innbyggjarane sine. EU oppmodar regjeringa i Zimbabwe til å setje i gang full etterforsking av overgrepa og bringe dei ansvarlege for retten.

Zimbabwe har underteikna og ratifisert Den afrikanske pakta om menneskerettane og folka sine rettar, ei pakt som landet mislegheld med desse handlingane.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.