Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om avretting nr. 1000 i USA (02.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avretting nr. 1000 i USA (02.12.05)

Den europeiske unionen merkjer seg med stor sorg at USA, med avrettinga av Kenneth Lee Boyd i staten Nord-Carolina 2. desember 2005, har gjennomført avretting nr. 1000 sidan dødsstraffa vart innført igjen i 1976.

Den europeiske unionen er prinsipiell motstandar av dødsstraff og har konsekvent oppmoda til at dødsstraffa vert avskaffa over heile verda. Vi meiner at avskaffing av dødsstraffa er viktig for å forsvare menneskets sjølvrespekt og for ei progressiv utvikling av menneskerettane. Vi ser på denne straffa som barbarisk og umenneskeleg. Ho verkar ikkje avskrekkande, og justismord, som er uunngåelege i alle rettssystem, kan ikkje gjerast om igjen. Dødsstraffa er derfor avskaffa i heile EU.

I land som opprettheld dødsstraffa prøver EU å medverke til at bruken av denne straffa gradvis vert avgrensa, og at vilkåra for unntaksvis bruk av dødsstraff, som er fastlagde i ulike internasjonale menneskeretts­dokument, vert respekterte. I denne samanhengen seier EU seg glad for avgjerdene i USAs høgsterett i juni 2002 og mars 2005 om at avretting av personar som er mentalt tilbake­ståande og avretting av mindreårige er i strid med forfatninga. EU ber dei amerikanske styresmaktene innstendig om å utvide desse restriksjonane til også å gjelde andre grupper, og særleg personar med alvorlege psykiske lidingar. EU seier seg lei for USAs avgjerd om å trekkje seg frå den fakultative protokollen til Wien-konvensjonen om konsulært samkvem, som gir rett til konsulær bistand i saker der det er snakk om dødsstraff, og unionen ber innstendig USA om at landet vil halde fram med å vere tilslutta konvensjonen.

EU seier seg svært glad for samarbeidet med USA når det gjeld eit breitt spekter av menneskerettsspørsmål rundt om i verda, og unionen verdset dette samarbeidet høgt. Den europeiske unionen vil derfor nytte dette høvet til på nytt å oppmode dei amerikanske føderale styresmaktene og delstatsstyresmaktene til å vedta eit moratorium når det gjeld bruk av dødsstraff, i påvente av at dødsstraffa vert avskaffa ved lov.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.