Erklæring frå EU-formannskapet om avtalen mellom Somalias president og formannen for parlamentet

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avtalen mellom Somalias president og formannen for parlamentet

11.01.06

Den europeiske unionen seier seg svært glad for erklæringa som Republikken Somalias president, Abdullahi Yusuf Ahmed, og formannen for det føderale overgangsparlamentet i Somalia, Sharif Hassan Sheikh Aden, la fram i fellesskap 5. januar 2006 i Aden, og unionen rosar Republikken Yemens president Ali Abdalla Salah for hans innsats med å leggje til rette for samtalar mellom dei.

EU er svært nøgd med at partane har følgt opp intensjonen i det føderale overgangs-charteret og at dei har vorte samde om å kalle saman parlamentet innan tretti dagar. EU stadfester på nytt si urokkelege og reservasjonslause støtte til dei føderale overgangsinstitusjonane som den einaste legitime ramma for utvikling av politisk dialog, stabilitet og eit godt styre i Somalia.

EU oppmodar alle medlemmene av det føderale overgangsparlamentet og regjeringa om å reagere aktivt og positivt på dette laglege initiativet frå presidenten og parlamentsformannen, og unionen stadfester på nytt sin vilje til å gi logistisk og finansiell støtte i den grad det er nødvendig og føremålstenleg for å fremme arbeidet til parlamentet internt i Somalia.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.