Erklæring frå EU-formannskapet om avtalen mellom den føderale overgangsregjeringa i Somalia og Forbundet av islamske domstolar (26.06.2006)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om avtalen mellom den føderale overgangsregjeringa i Somalia og Forbundet av islamske domstolar

26.06.06

Den europeiske unionen (EU) seier seg glad for avtalen som vart inngått 22. juni 2006 i Khartoum i Sudan, som skal danne grunnlag for forhandlingar mellom dei føderale overgangs­institusjonane i Somalia og Forbundet av islamske domstolar, og unionen rosar både Den arabiske ligaen og den sudanske regjeringa for deira bidrag til tilrettelegging av samtalane.

EU rettar ei inntrengjande oppmoding til dei føderale overgangsinstitusjonane og Forbundet av islamske domstolar om å gjennomføre denne avtalen så snart råd er og på oppriktig vis, ved at dei engasjerer seg i ein konstruktiv dialog for å finne ei politisk løysing, slik at det på nytt kan skapast fred og stabilitet i Somalia, til beste for sivilbefolkninga i landet.

EU oppmodar alle regionale og internasjonale partnarar om å sørgje for at dei nødvendige føresetnadene for dialog er til stades, og halde fram med å støtte dialogen innanfor ramma av det føderale overgangscharteret.

EU stadfester på nytt at unionen er reie til å gi politisk og materiell støtte til denne prosessen når det er nødvendig og føremålstenleg.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.