Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om den aktuelle situasjonen i Burma/Myanmar (26.05.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den aktuelle situasjonen i Burma/Myanmar

06.06.06

EU merkjer seg med stor uro at demokratiseringsprosessen i Burma/Myanmar har lidd eit illevarslande tilbakeslag, i og med at Det nasjonale rådet for fred og utvikling (SPDC) har auka presset på dei etniske gruppene og på dei to store politiske partia, Det nasjonale forbundet for demokrati (NLD) og Shan-folkets forbund for demokrati. EU konstaterer at handlingane til SPDC er klart i strid med SPDCs tidlegare erklærte intensjon om å skape eit ekte demokrati.

EU er framleis svært uroa over at mottakar av Nobels fredspris og leiar for NLD, Daw Aung San Suu Kyi, har vore halden i husarrest i tre år utan at det har vore reist tiltale, etter åtaket på bilkolonnen hennar 30. mai 2003. EU merkjer seg at husarresten til Daw Aung San Suu Kyi skal vere over 27. mai, og unionen rettar ei inntrengjande oppmoding til den burmesiske regjeringa om å gi henne fridomen tilbake og la henne få fulle statsborgarlege rettar igjen. EU håpar at den burmesiske regjeringa vil nytte dette høvet til på nytt å kome i dialog med leiarane for NLD. EU ser på dei siste utsegnene frå NLD som eit klart signal om at NLD ønskjer ein fredeleg overgang, og unionen ber SPDC om å svare på dette på ein positiv og konstruktiv måte.

EU er uroa over interneringa av ei rekkje personar som er valde inn i parlamentet, og unionen oppmodar styresmaktene til straks å setje fri alle dei pårekna 1150 politiske fangane i Burma/Myanmar. EU er særleg uroa over opplysningar om at tilhøva for dei innsette har forverra seg i mange av fengsla.

EU ber innstendig SPDC om å stanse trakasseringa av politikarar og menneskerettsforkjemparar, oppheve restriksjonane på ytrings- og forsamlingsfridomen og setje fart i demokratiserings­prosessen i Burma/Myanmar. Denne prosessen bør engasjere alle politiske og etniske krefter i landet i ein genuin dialog, og føre til at det i løpet av kort tid vert utarbeidd ei forfatning, under eit sivilt styre som har støtte frå folket, og som legg til rette for ei fredeleg og berekraftig utvikling.

EU seier seg glad for at FNs visegeneralsekretær Gambari fekk høve til å møte dei øvste leiarane i SPDC, i tillegg til Daw Aung San Suu Kyi og representantar for hennar parti, under si vitjing i Yangon nyleg. EU stadfester si støtte til FNs arbeid for å hjelpe Burma/Myanmar på vegen mot sann nasjonal forsoning og eit demokrati som inkluderer alle, og unionen oppmodar SPDC til å samarbeide med FN og FNs organisasjonar.

EU vil halde fram med å følgje situasjonen i Burma/Myanmar nøye, og unionen vil samordne sine tiltak med andre land og organisasjonar, mellom dei asiatiske land som har engasjert seg sterkt for å få dei burmesiske styresmaktene til å innleie ein truverdig reformprosess.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings­prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.