Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om den forverra politiske situasjonen i Kambodsja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den forverra politiske situasjonen i Kambodsja

16.01.2006

EU er uroa over den vedvarande bruken av injuriesøksmål mot talsmenn for opposisjonen, media, fagforeiningar og frivillige organisasjonar frå Kambodsjas kongelige regjering si side, og arrestasjonane på grunnlag av dette. Denne urovekkjande trenden, som kulminerte i fengslinga av direktøren for Det kambodsjanske senteret for menneskerettar 31. desember 2005 og andre menneskerettsforkjemparar, har samla sett karakteren av ein målretta skremmekampanje mot frivillige organisasjonar og menneskerettsforkjemparar i Kambodsja.

EU oppmodar den kambodsjanske regjeringa til å avstå frå søksmål som resulterer i straffe­forfølging for skuldingar som vert vurderte som ærekrenkjande. I den samanhengen seier EU seg glad for avgjerda om å sleppe Yeng Virak fri 11. januar, og unionen gir uttrykk for håp om at alle dei andre som vart arresterte etter hendingane under seremonien på menneskerettsdagen 10. desember 2005, også vert sette fri.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.