Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om den økonomiske situasjonen og uroa i Yemen (02.08.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den økonomiske situasjonen og uroa i Yemen (02.08.05)

EU seier seg lei for valdsbølgja som har kravd mange menneskeliv den siste tida, i samband med reduseringa av drivstoffsubsidiane i Yemen. Vi tek avstand frå bruken av vald og ber alle partar om å vise atterhald og løyse konfliktane gjennom dialog. EU støttar og oppmuntrar til eit sterkt sivilt samfunn, der alle kan delta heilt og fullt og reelt i dei politiske prosessane, og der folk har rett til å samlast og gje uttrykk for synspunkta sine.

Ein reduksjon av drivstoffsubsidiane er eitt av fleire tiltak som må gjennomførast for å få bukt med fattigdommen i Yemen. EU har til liks med andre statar og institusjonar understreka kor viktig det er å gjennomføre slike reformer. Men det er like viktig at det vert sett i verk omfattande strakstiltak for å redusere fattigdommen i Yemen, for å kompensere for desse reformene. EU støttar den yemenittiske regjeringa sin strategi for å redusere fattigdommen, og ønskjer at denne strategien vert integrert fullt ut i nasjonalbudsjettet.

EU ønskjer at Yemen skal oppnå langsiktig økonomisk stabilitet og velstand. Dette er berre mogeleg dersom 1) det vert gjort meir for å stimulere til økonomisk vekst, særleg blant dei fattige, 2) det vert ordna opp i korrupsjonen på ein effektiv måte, 3) alle innbyggjarane får betre tilgang til utdanning og helsetenester, og 4) demokratiet vert styrkt, med større respekt for menneskerettane og for rettsstaten.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.