Erklæring frå EU-formannskapet om den taiwanske leiaren si avgjerd om Rådet for nasjonal samling (01.03.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den taiwanske leiaren si avgjerd om Rådet for nasjonal samling

EU held det for svært viktig at det er fred og stabilitet i Taiwansundet. Dette er viktig både for regionen og for det internasjonale samfunnet, og EU har ved fleire høve tidlegare innstendig oppmoda begge sider om å avstå frå aksjonar som kan auke spenninga.

EU ser derfor med uro på kunngjeringa frå Taiwans leiar Chen Shui-bian om at Rådet for nasjonal samling skal innstille verksemda og at rådets retningslinjer ikkje lenger skal følgjast. Denne avgjerda medverkar ikkje til å oppretthalde stabiliteten og ei fredeleg utvikling i Taiwansundet.

Samtidig synest EU det er positivt at Taiwan held fast ved sine tidlegare tilsegner og sin intensjon om ikkje å endre status quo. Unionen oppmodar begge sider om å ta initiativ for å fremme dialog og praktisk samarbeid, og for å byggje tillit. EU er fast overtydd om at Taiwanspørsmålet må løysast gjennom forhandlingar mellom alle involverte partar på begge sider av Taiwansundet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.