Erklæring frå EU-formannskapet om det kviterussiske justisdepartementets krav om at verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen vert innstilt (01.06.2006)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om det kviterussiske justisdepartementets krav om at verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen vert innstilt

I ei erklæring frå formannskapet 4. januar 2006 gav Den europeiske unionen uttrykk for sitt vonbrot over vedtaket i den øvste økonomiske domstolen i Kviterussland om å ta opp att sanksjonane mot den kviterussiske Helsingfors-komiteen.

Den europeiske unionen er derfor svært uroa over oppmodinga frå det kviterussiske justis­departementet 24. mai 2006 til Republikken Kviterusslands høgsterett, om å stanse verksemda til den kviterussiske Helsingfors-komiteen, på grunn av påstandar om skatte­svik og andre skuldingar som synest å vere politisk motiverte.

EU oppmodar dei kviterussiske styresmaktene til å stanse trakasseringa av Helsingfors-komiteen, ei trakassering som kan føre til at den einaste menneskeretts­organisasjonen som framleis er registrert i Kviterussland, vert lagt ned. EU ber òg innstendig om at dei kviterussiske styresmaktene straks trekkjer tilbake skuldingane mot Helsingfors-komiteen, og etterlever Kviterusslands internasjonale forpliktingar.

EU minner om at Helsingfors-komiteen som mottakar av støtte frå TACIS-programmet er friteken frå betaling av skatt og toll, i samsvar med rammeavtalen som EF og Kviterussland underteikna i 1994.

Den europeiske unionen stadfester på nytt si fulle støtte til den kviterussiske Helsingfors-komiteen, som med sitt arbeid spelar ei viktig rolle i kampen for menneskerettane i Kviterussland. Unionen ser fram til å samarbeide med komiteen også i framtida.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings­prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen