Erklæring frå EU-formannskapet om det maoistiske bombeåtaket i Chitwan i Nepal den 6. juni (10.06.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om det maoistiske bombeåtaket i Chitwan i Nepal den 6. juni (10.06.05)

EU fordømmer det maoistiske bombeåtaket på ein sivil buss i Chitwan den 6. juni, der dusinvis av menneske vart drepne eller skadde. EU fordømmer i dei sterkaste ordelag at vald vert brukt til politiske formål. Slike åtak kan berre skade fredssaka i Nepal og forlengje lidingane til det nepalske folket. EU er djupt sjokkert over denne brutale handlinga og uttrykkjer si sterke medkjensle med familiane til dei omkomne og med dei som vart skadde i bombeåtaket. EU minner om erklæringa frå 15. desember 2004, etter at EU-troikaen hadde gjesta Nepal, der organisasjonen tok til orde for at maoistane måtte avstå frå valdsbruk og forplikte seg til demokratiet og menneskerettane, og fordømde dei omfattande menneskerettsbrota frå maoistisk side. EU ber igjen maoistane om å slutte med valds- og skremselskulturen sin, stanse menneskerettsbrota og gå tilbake til forhandlingsbordet. EU ber alle partar om å innsjå at konflikten ikkje kan løysast militært og heller forplikte seg til å opptre samla for å gjenopprette dialogen og freden på grunnlag av ei forhandlingsløysing.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia 1Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen., landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.