Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om dialogen med Iran om menneskerettar (20.12.05)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dialogen med Iran om menneskerettar (20.12.05)

Den europeiske unionen stadfeste på møtet i Rådet for allmenne saker og eksterne relasjonar 12. desember at større respekt for menneskerettar og grunnleggjande fridomar i Iran er ein føresetnad for ei positiv utvikling av forholdet mellom Iran og EU.

EU er djupt uroa over at menneskerettssituasjonen i Iran ikkje har betra seg i nemnande grad dei siste åra. På mange måtar har han faktisk vorte verre. Det vert ofte brukt dødsstraff, også for mindre brotsverk, og avrettingane er ofte offentlege. Iran avretta fleire mindreårige lovbrytarar i 2005 enn i noko anna år i nyare tid. Ytringsfridomen er framleis sterkt avgrensa, og det er vanleg med sensur på Internett og i pressa. Leiande personar innanfor det iranske regimet har rapportert om vesentlege manglar ved gjennomføringa av presidentvalet i juni 2005, og prosessen for utveljing av kandidatar blant dei mange som ønskte å stille, var ikkje demokratisk. Vi får stadig rapportar om tortur. Menneskerettsforkjemparar held fram med å rapportere om trakasseringar og trugsmål, og Iran held fram med å internere samvitsfangar, som t. eks. Akbar Ganji og hans advokat, Abdolfattah Soltani. Irans behandling av religiøse og etniske minoritetar gir òg grunn til stor uro. EU er glad for den avgrensa innsatsen enkelte styresmakter i Iran har gjort for å betre forvaltninga av lov og rett, men unionen er svært uroa over mangelen på effektive tiltak for å reformere lovene og institusjonane og den offisielle praksisen som tillèt brot på menneskerettane.

EU innleidde ein menneskerettsdialog med Iran i 2002. Det har vore halde fire rundar med samtalar, dei siste i juni 2004. På grunn av dei skuffande resultata kom EU med framlegg om ei rekkje tiltak for å forbetre prosessen i 2004. Trass i fleire initiativ frå EUs side det siste året, m.a. ei vitjing av EU-troikaen i Teheran og mange tilbod om datoar for ein femte runde, har ikkje Iran gått med på ein ny dialogrunde.

Trass i Irans mangel på konstruktivt engasjement er EU framleis open for å diskutere menneskerettar, også gjennom dialogprosessen. EU oppmodar Iran til å vise gjennom handling at landet ønskjer å respektere menneskerettane. EU håpar at Iran også vil vise at dei ønskjer å vidareføre dialogen, ved å gi samtykke til ein ny runde så snart det lèt seg gjere.

EU vil halde fram med å vise sitt engasjement for menneskerettane også på andre måtar. Særleg vil EU halde fram med å drøfte slike spørsmål med dei iranske styresmaktene via diplomatiske kanalar, støtte debatten i FN-fora og det arbeidet som vert gjort i FNs organ, og skape merksemd om brot på menneskerettane og dei institusjonelle manglane og den institusjonelle praksisen som tillèt at dei skjer. EU meiner at slike engasjement kompletterer dialogen. Det eine er ikkje til hinder for det andre. I fråværet av ein effektiv dialog er dei eigentleg enda viktigare.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.