Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om dommen mot den tidlegare presidentkandidaten Aleksandr Kozulin (18.07.06)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot den tidlegare presidentkandidaten Aleksandr Kozulin (18.07.06)

Den europeiske unionen er djupt uroa over at den tidlegare kviterussiske presidentkandidaten Aleksandr Kozulin 13. juli 2006 blei dømd til fem og eit halvt års fengsel. Den europeiske unionen ser på dommen mot Kozulin, som byggjer på skuldingar om «pøbelherjingar» og at han har forstyrra offentleg ro og orden, som politisk motivert. Dommen er enda eit døme på dei kviterussiske styresmaktene sine freistnader på å straffe den demokratiske opposisjonen fordi dei gjer bruk av dei demokratiske rettane sine. Han står på ingen måte i rimeleg høve til det påståtte lovbrotet. EU oppmodar difor dei kviterussiske styresmaktene om å setje Kozulin og alle andre politiske fangar fri straks.

EU minner styresmaktene og borgarane i Kviterussland om at Unionen framleis stiller seg open for å utvikle tilhøvet sitt til Kviterussland, også i samband med den europeiske naboskapspolitikken, såframt dei kviterussiske styresmaktene viser ein sann vilje til å respektere menneskerettane, rettsstaten og demokratiske verdiar og å komme i gang med demokratiske reformer.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.